Ålesund kommune er den desidert største eigaren i Tafjord Kraft, og eit nei frå Ålesund kommune ville ha torpedert fusjonen.

Det nye selskapet skal ha namnet Mørenett, og planen er at det endelege fusjonsvedtaket skal gjerast på dei respektive selskapa sine generalforsamlingar komande veke.

I Ålesund kommune har det vore stor motstand mot fusjonsplanane. Formannskapet i Ålesund rådde kommunestyret til å seie nei. Det som særleg har vore vanskeleg for mange Ålesunds-politikarar er at leinga av selskapet skal vere på Tussatun i Hovdebygda. Fleire i Ålesund har også reagert på at nettleiga for forbrukarane vil auke i Tafjord-området som ein konsekvens av fusjonen. Før bystyremøtet i Ålesund vart det klart at Tafjord-kundane i tre år framover vil kunne ha dei gamle tariffane.

I Ålesund bystyre var det ein heftig debatt, melder Sunnmørsposten.

Det var mellom anna tidlegare representant for Venstre i Ørsta kommunestyre, Kirsti Dale, som var blant dei ivrigaste motstandarane mot fusjonsplanane.

Det var Venstre, Ap og Frp som klarast var motstandar av fusjonen.

Ørsta kommunestyre og Volda kommunestyre skal handsame fusjonssaka på sine respektive kommunestyremøte komande veke.