Sambandet har dei siste åra gått frå å vere riksvegssamband til å vere fylkesvegsamband for så å få tilbake riksvegstatusen .

I denne prosessen har sambandet mista statusen som heilårs beredskapssamband. Det er i dag beredskap berre om vinteren (desember-mars).Volda kommune meiner heilårsberedskap straks må tilbakeførast til sambandet, og at fylkeskommunen eller staten må ta kostnaden med dette.

Dei viser til uttalar frå kommunoverlege, naudetatar og Helse Møre og Romsdal. I ei utgreiing om beredskapssambanda i fylket, avviser samferdslesjef Arild Fuglseth at det er fylkeskommunen sitt ansvar å ta kostnaden med heilårsberedskap.

Fylkeskommunen baserer utgreiinga si på ei liste over samband frå fagfolka hos Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal. Folkestad-Volda står ikkje på denne lista. Fylket vil heller ikkje innføre beredskap for polititenesta og brannberedskap på noverande tidspunkt.

Om politikarane følgjer tilrådinga til samferdslesjefen, blir det difor opp til staten å finansiere ein eventuell heilårsberedskap. Saka skal opp i samferdsleutvalet 25. oktober.