Dei to kommunane er to av dei viktigaste hjortekommunane i landet. Veterinær Kjell Handeland fortel at undersøkingane viser at infeksjonar med hjernemark og lungeorm var svært vanleg blant i hjortepopulasjonen i begge kommunar.
– Dette er vanlege parasittar hos hjort, men vi har ikkje tidlegare undersøkt skikkeleg kor utbreidd det er.
Totalt har dei undersøkt avføringsprøver frå 103 ulike dyr, 55 frå Kvinnherad og 48 frå Ørsta.
Mindre i Ørsta enn i Kvinnherad
Undersøkingane viste at 100 prosent av åringane og 83 prosent av dei vaksne dyra frå Kvinnherad var smitta med hjernemark og skilte ut larvar i avføringa. Like hyppig var ikkje infeksjonsnivået i Ørsta, der høvesvis 71 prosent av åringane og 57 prosent av dei vaksne dyra skilte ut larvar. Ein annan skilnad var at dyra i Kvinnherad generelt skilte ut større mengder larvar per gram avføring enn i Ørsta, noko som kan tyde på tyngre infeksjonar i Kvinnherad.
– Med tette populasjonar vil infeksjonsnivået auke. Det handlar også om kvar dei beitar, om dei har tilgang på mykje innmark, eller om dei går i skogen. Innmark er mindre utsett, fortel Handeland.
Sjølv om hjorten generelt sett ser ut til å tole hjernemark-infeksjon relativt godt, meiner veterinæren at det er grunn til å tru at betydninga av infeksjonen er undervurdert, særleg hos kalvar.
– I tillegg til å forårsake sjukdom og eventuelt tap av dyr, slik vi ser ved tunge infeksjonar, vil moderate infeksjonar truleg gi ei viss svekking av dyra si rørsleevne og kondisjon, og dermed påverke deira evne til å klare seg gjennom vinteren.
Hjernemark kan også smitte småfe som beitar i hjorteområde. Veterinærinstituttet har ved fleire høve påvist hjernemark frå hjort som årsak til hjerneskade og lammelse hos sau og geit.
Ikkje problem for menneske
Lungemark var også vanleg hos hjorten i Ørsta og Kvinnherad, og mellom 31–79 prosent av dyra i ulike aldersgrupper skilte ut larvar i avføringa. Larvemengda var generelt sett låg, noko som tyder på moderat grad av infeksjon. Tunge infeksjonar av lungemark kan utløyse pusteproblem og hoste, og skape grobotn for bakteriar som kan utløyse lungebetennelse.
– Det er ingen problem med å ete verken hjort eller sau eller anna småfe som har fått smitten. Den har ikkje betydning for menneske, understrekar Handeland.
Han oppmodar elles folk om å vere merksame om der er dyr som har symptom og som lid under infeksjonen.
– Hjernemarken forstyrrar som sagt rørsleevna og kan svekke bakparten spesielt, seier veterinæren.