Sameiget Polarstar saksøkte Mats Forsberg i Arctic Picture for misleghald av ein treårig leigeavtale for ishavsskuta «Polarstar.

Saksøkjaren vann fram på alle punkt i Møre og Romsdal tingrett, men den tapande parten har anka dommen.

Saka kjem opp for Frostating lagmannsrett i Ålesund tinghus 1. og 2. september.

Ishavsskuta frå Brandal blei leigd ut til Forsberg, som skulle bruke skuta til turisttrafikk langs norskekysten. Då covid-pandemien braut ut fekk leigetakaren problem med å betale.

Tingretten meinte Sameiget hadde rett til å heve avtalen, sidan Forsberg ikkje betalte hyre og forsikring på båten. Han blei dømd til å betale over 2,8 millionar kroner.