Næringssjef i Ørsta, Odd Magne Vinjevoll, oppmodar alle om å ta seg ein titt inn på nettsida.

– På ørstavolda.no finn ein alt frå luksushotellet på Øye til små ukjende badekulpar som til dømes Gopetjønna på Vartdal, fortel Vinjevoll og prosjektleiar Anne-Britt Aambø Hallaråker.

Sjå kva som skjer

Nettsida ørstavolda.no inneheld brei info om reiseliv og attraksjonar, men også oversikt over kva som finst av bedrifter og etableringsmulegheiter i Ørsta-Volda.

– Og i tillegg ein aktivitetskalender, som heile tida skal oppdaterast. Det skal sjølve sida også, og vi tek med takk imot innspel til korleis vi kan forbetre ørstavolda.no. Meir biletmateriale frå heile distriktet treng vi også.

Internasjonal

Ein ambisjon er at ein enkelt med eit par tastetrykk kan kome direkte inn på den nye nettsida om ein sit i td California eller på New Zealand.

– Difor vil vi snart ha på plass dotcom-sida orstavolda.com, og kople på internasjonale søkeord som fjords osv, slik at utlendingar raskt kan kome inn på sida.

Nettsida finst no på norsk og engelsk, og snart på tysk.