Når Volda Handball spelar mot Flint-Tønsberg søndag lokkar klubben med gratis inngang.

– Som ei julegåve til alle håndballentusiastar vil vår gode samarbeidspartnar og kampsponsor for dagen, Sparebanken Møre, spandere billett på alle som vil på kamp. Så om du vil sjå topphandball i adventstida så ta turen til Volda Campus SpareBank 1 Arena, oppmodar Volda Handball.

– Ta med vener, naboen, heile familien og kollegaen din. Jentene står klare til å gi deg ei god forestilling med fart og action.

Før kampen søndag ligg Volda på andreplass på tabellen med 18 poeng, fire poeng bak tabelleiar Haslum.