Fabrikktrålaren "Ramoen" fiska for 169 millionar kroner i år.

– Dette er ny rekord for det vi har styrt med, men 2017 har vel vore eit bra år for alle i torskesektoren, seier Ramoen-reiar Per Magne Eggebø til  Vestlandsnytt.

Eros-reiarlaget i Herøy er majoritetseigar av "Ramoen", som framleis er registrert på Vartdal.

Ein ny "Ramoen"  vart sett i drift i fjor,men det har vore ein del innkøyringsvanskar i fabrikken.

– Vi har hatt ein del mindre tekniske utfordringar, som ein oftast får med ein heilt ny båt. Likevel har båten hatt 310 driftsdøgn i 2017, og det må vi seie oss nøgde med, seier Eggesbø.