Volda og Ørsta reinhaldsverk skal i løpet av 2018 innføre sortering av matavfall for alle husstandar og dessutan innføring av tvungen henting av glas og metall.

På Møre-Nytt si facebook-side er engasjementet stort: «Eg er jammen glad nokon kjem og hentar avfallet vårt. Det er nok av plassar i verda, og i Norge, der boset hopar seg opp i gatene, og dei har store problem med lukt og rotter. Takk til VØR for at de gjer grisejobben for oss», seier ei.

Nokre er uroa over storleiken på dunkane: «Heilt greitt å sortere, men då må vi også få skikkelege dunkar til alt, også plast.»

Medan andre synest det vert stilt vel store krav: «Og VØR vil auke prisane med 60 %, og vi forbrukarar skal gjere meir og meir av jobben. Endar vel snart opp med 10 bosdunkar ute på tunet.»

«Er vel ikkje lenge før vi må sykle restavfallet bort sjølv.»