Dette skriv Dagbladet i dag, fredag.

Flyttinga av Dale til eit endå tyngre departement må tolkast som at han har gjort ein god jobb i Samferdselsdepartementet.

Etter det Dagbladet erfarar er den mest markante mannskapsendringa ein vil sjå i statsråd fredag, at Siv Jensen sin næraste medarbeidar, Ole Berget (Frp), går av som statssekretær i Finansdepartementet.

Samtidig vert statssekretær Fredrik Färber (Frp) flytta frå Statsministerens kontor til Finansdepartementet, medan altså statssekretær Jon Georg Dale (Frp) går same veg frå Samferdselsdepartementet.

Dale vert erstatta av Tom Cato Karlsen, varaordførar i Bodø og sentralstyremedlem i Frp, medan tidligare FpU-leiar Himanshu Gulati går frå Justisdepartementet til SMK for å dekkje opp for Färber. Det igjen opnar for at tidligare Oslo-byråd Jøran Kallmyr vert ny statssekretær i Justisdepartementet.

Samtidig gir Maria Hoff Aanes seg som statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet for å få mer tid til familien, skriver avisa. Inn kjem Kai-Morten Terning, næringspolitisk rådgiver i NHO.