– Både Volda kommune og Ørsta kommune planlegg no fleirbrukshallar. Ved å samordne prosjekta i dei to kommunane kan spelemiddeltilskota til hallane aukast med 30 prosent, skriv Roppen i eit brev til Volda kommune.

Samtale

Roppen oppmodar kommunane om å snakke saman.

– Volda Idrettsråd oppmodar Volda kommune til å innleie samtalar med Ørsta kommune for å samordne hallprosjekta for å oppnå eit samla sett best mogleg resultat for idretten og for finansiering av dei to hallane. Volda kommune har sett ned ei arbeidsgruppe for planlegging av ny Voldahall, og denne gruppa bør dragast aktivt med i avklaringa med Ørsta, oppmodar Roppen.Kommunen vil legge brevet til Roppen fram for formannskap og kommunestyre i Volda.