– No må vi verkeleg finne på noko bra til regionfinalen, sa vinnarlaget frå Vartdal skule til Møre-Nytt.
Viktor Baczynski, Christian Kristoffersen, Thea Lovise Myklebust, Maria Myklebust og Ingri April Vartdal Juliebø fekk i oppdrag å forbetre informasjonen Sparebank 1 Søre Sunnmøre gir om bankkortet sitt for ungdom. Det løyste dei elegant med ein video der dei sjølve spelte hovudrollene.
Gründeridé vart realitet
– Dei har vore veldig kreative. Dette har absolutt potensial for å bli ein del av marknadsføringsopplegget vårt, sa Fredrik Chr. Langlo frå banken.
Får prøve seg i arbeidslivet
Dette var tredje gongen ungdomsskulane på Vartdal og Sæbø samarbeidde om innovasjonskamp i regi av Ungt Entreprenørskap. Elevane vart delte i 15 grupper, og fekk oppdrag frå lokale bedrifter og jobba med dei heile veka.
Sist fredag var det finale i VD-hallen, der altså Sparebank 1-gjengen frå Vartdal stakk av med sigeren.
– Dette er eit veldig bra opplegg, fordi det minner elevane om kvifor dei går på skule alle desse åra. Mange har vore ute i bedriftene og fått sett korleis arbeidslivet er, og at det einaste som nyttar er å rette seg opp i ryggen og levere full innsats, sa lærar Henning Nygård ved Vartdal skule til Møre-Nytt.
Medan Ørsta ungdomsskule arrangerer camp kvart år, held Vartdal og Sæbø seg til kvart tredje år.
– Vi er små skular, og dette er eit krevjande arrangement å gjennomføre. Men når vi gjer det på denne måten, blir det ekstra spesielt for elevane, sa Nygård.
Henrik Vedde frå Ungt Entreprenørskap var imponert over arrangementet.
– Dette er eit førebilete for korleis små skular bør arrangere innovasjonscamp, sa han.
Vinnargruppa går vidare til regionsinnovasjonscampen i Ålesund neste sommar. Der får dei med seg alle ungdomsskuleelevane på Vartdal.
– Vanlegvis er det berre klassa som får vere med, men no har vi ordna det slik at heile gjengen får ta turen til Ålesund. Kommunen har lova å stille med buss, var gladmeldinga frå Vedde.