Opninga fann stad med eit stort oppmøte av representantar frå fylkeskommunar, kommunar, næringsliv og utdanningsinstitusjonar.

Snorklippar og Volda-ordførar Arild Iversen meinte opninga av kulturnæringshagen markerer starten på ei spanande framtid for kultur i ny og gamal innpakning, og for nye koplingar mellom kultur og næring.

Dyktig gartnar

Kulturnæringshagen er etablert i tidlegare forretningslokale i Remøybygget, og satsinga fått solid støtte frå stat og fylkeskommune. Iversen var trygg på at gründerbedriftene er i gode hender.

– Bedriftene i næringshagen er som ei ny plante som må gjødslast, vatnast og stellast godt med. Eg er glad for at det er tilsett ein røynd gartnar, dagleg leiar Martin Foldal, og eit kompetent styre leia av Gunnar Solheim, sa han før han klipte snora som for anledninga bestod av ein filmrull.

Hjerneflukt

Leiar i regional- og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen understreka at etableringa av kulturnæringshagen er viktig for å hindre at ressursane forsvinn frå regionen når studiane er ferdig.

– Miljøet i Volda har vore ein pådrivar for at fleire unge gründerar innanfor dei kreative næringane skal få betre vekstvilkår. Heilt sidan distriktshøgskulen vart oppretta i 1970 har utdanninga i mediefag vore ein ressurs for regionen. I tida dei er her legg dei att spor i form av omfattande studieprosjekt, filmproduksjonar for offentlege institusjonar og private bedrifter. Utfordringane for Volda og regionane er at studentane flyttar frå regionen når studietida er over. Dei flyttar for å realisere karreieredraumar. Slik har regionen mista flinke folk kvart år, sa ho.

Sikker på suksess

Styreleiar Gunnar Solheim i Sunnmøre Kulturnæringshage hadde under opninga store vyar om konseptet dei no har sett i gang.

– Om nokre få år skal vi få delegasjonar hit frå innland og utland som lurer på korleis vi fekk det til. Her er det fleire bedrifter som vil ha fått det til nasjonalt og internasjonalt, og har fått til lønsemd og skapt arbeidsplassar. Dette er eit heilt sjølvsagt mål i dag, sa han.

Det er fire næringshagar i Møre og Romsdal, men dette er den einaste reine kulturnæringshagen.

– Volda eit sjølvsagt val

Dagleg leiar Martin Foldal er bevisst på at ein skal sikre seg unge ambisjonsfulle talent, særleg frå Høgskulen i Volda.

– Skal vi ha ein kulturnæringshage i fylket, er det berre ein plass han kan vere. Volda har høgskulen med mediefaga, og det er naturleg for oss å fokusere på dei. Vi vil strekkjer oss mot dei studentane som har gått her tidlegare. Undersøkingar syner at seksti prosent av dei som går mediefag har lyst å starte selskap sjølv.

Foldal fortel at målet med kulturnæringshagen er å samle dei kreative bedriftene i eit kreativt miljø som dei kan utvikle seg i. Samstundes er det krav om at dei må utvikle seg og på sikt verte sjølvstendige og stå på eigne bein. Kvart år vil styret evaluere kva for bedrifter som skal vere i kulturnæringshagen, og på den måten skape sirkulasjon og friskt blod innanfor veggene.