Dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll ved Stiftinga Ørsta næringskontor ynskjer at fylkeskommunen også skal satse på kollektivtrafikk for Ørsta/Volda. I eit innspel til kollektivstrategien for fylket dei komande ti åra ber han om at fylkeskommunen har som mål å ha ein vekst på femten til tjue prosent for kollektivtrafikken, akkurat som byane.

– Det er i Ørsta/Volda  ein kan vise til dei største trafikale utviklingane og utfordringane i region Søre Sunnmøre. Vi har hatt ein eventyrleg auke av trafikken mellom ytre og indre etter at Eiksundsambandet opna. Dette gav ei tydeleg melding om at Ørsta/Volda er eit område som har attraktive kvalitetar og tenester som gjer Søre Sunnmøre meir komplett. Vi har ein auke på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, på over 50 % dei siste 10 åra. Vi får ein ny auke i 2012 når Kvivsvegsambandet opnar, og den totale arbeids- og buregion vil med dette få eit grunnlag  på 70.000 menneske, forklarar Vinjevoll.

Han er positiv til at Møre og Romsdal fylkeskommune får fram ein kollektivtrafikkstrategi, både internt for fylket og for samband fylka i mellom.

Vekst

Vinjevoll peikar altså på at det i forslaget til strategi som no er ute til høyring, vert lagt opp til ein vekst i kollektivtilbodet i byane på femten til tjue prosent. Det er ein vekst Vinjevoll også ynskjer skal gjelde for Ørsta og Volda.

– Fylket er delt inn i fire regionar, der Ørsta/Volda er sentrum for Søre Sunnmøre. Då må det vere eit tilsvarande mål for Ørsta og Volda som for Molde, Kristiansund og Ålesund, seier Vinjevoll.

Han er positiv til at det i strategien vert lagt til å utbetre Garnes-området ved Dragsundbrua som eit knutepunkt for kollektivtrafikk. Det kan medføre at det vert ekspressruter mellom ytre og Ørsta/Volda, og det er Vinjevoll positiv til.

Timeekspressen

Næringssjefen meiner vidare at Timeekspressen må lengjast til Stryn. I kollektivstrategien er det vist til samband med indre Sunnmøre, men Vinjevoll meiner det klarare må kome fram at Stryn kan koplast til Timeekspressen.

– Ruta mellom Stryn og Volda med opninga av Kvivsvegen i september må sjåast på som ei lenging av dagens timeekspress mellom Volda-Kristiansund. Timefrekvens på denne ruta vil gi ein stor nyttegevinst, med tanke på tilknytingsmulegheiter for lokalrutene og regionrutene for indre Sunnmøre og nordlege Nordfjord. Resultatmåla for fylkeskryssande reiser skal ifølgje kollektivstrategien redusere reisetida. Ei lenging  av denne ekspressruta til å verte Stryn–Kristiansund, gir direkte resultat. Det gir gevinst for både lokal-/regionaltrafikk, og gjennomgåande fylkeskryssande trafikk, seier Vinjevoll.

Lokalruter

Han minner også om distriktsrutene internt i kommunane.

– Her må det til ei kraftig satsing på auka frekvens både på lokalekspress og ringruter. Med ei styrking her, vil ein kunne redusere særleg personbiltrafikken som gjeld arbeidspendling, då vi veit at Ørsta Kommune er ein attraktiv bukommune i sterk utvikling. Det er også lovpålagt at alle skal ha eit tilbod inn til kommunesentra minst ein gong per veke. Dette tilbodet har ikkje Ørsta kommune mellom Standal og Festøya, minner Vinjevoll om.

Bypakkar

– Det er vist til at dei tre byane Ålesund, Molde og Kristiansund har starta eit arbeid om bypakkar med bompengefinansiering, der trafikkproblema vert søkt løyst med vegutbygging, gang- og sykkelvegar og eit auka kollektivtilbod. Ørsta/Volda samarbeider også om ein liknande pakke, der delar av denne omhandlar kollektivtransport og ivaretaking av dei mjuke trafikantane. Fylkeskommunen må også involverast i denne bypakken, både som vegeigar og som ansvarleg for kollektivtilbodet, insisterer Vinjevoll.

Flyplassen

Næringssjefen kjem også med innspel om utfordringar knytt til flyplassen.

– Ørsta og Volda kommunar har samanfallande interesser i infrastruktur i området knytt til Ørsta – Volda lufthamn. Flyplassen ligg nær inntil trafikknutepunktet i Furene mot Eiksundregionen, samtidig som han ligg nær knytt til framtidig vegløysing mellom Ørsta/Volda, ”Voldatunnelen”. Ein er  avhengig av at busstilbodet har korresponderande avgangar til og frå Hovden.  Det er store utfordringar for kommunane i dette området som omfattar flyplasskrysset i Hovdebakken, vegsystemet rundt flyplassen inklusive Torvmyrvegen, og E39 som kjem gjennom Voldatunnelen med tilknyting til rundkøyringa i Furene. Fylkeskommunen har her eit stort ansvar med å medverke til løysingar som fungere i tråd med  målsetjingane i kollektivstrategien, i fylkesplanen 2012–2021 og i NTP for  2014–2023 for dette området, konkluderer Vinjevoll.