Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, er mellom dei flyplassane som kan verte streikeråka komande veke. Meklingsfristen mellom Avinor/OSL og dei tilsette i Avinor er sett til midnatt 8. juni.

Dersom meklinga ikkje fører fram, er det varsla at seksten tilsette ved Ørsta-Volda lufthamn vert tekne ut i streik frå fredag 8. juni.

Også Ålesund lufthamn, Vigra, vil verte råka. Der er det varsla plassoppseiing for 18 tilsette. I at 176 Avinor-tilsette kan verte tekne ut i ein eventuell streik.

Det er i hovudsak bakkepersonell som vil verte tekne ut. Mellom desse er brannvernpersonell.

– Med ein gong brann- og redningstenesta ved ein flyplass går ut i strek, er det av tryggingsårsaker naudsynt eventuelt å stengje flyplassen, seier Stein Erik Syrstad, pressekontakt i LO Stat, til NRK.