Sjølv om vinteren var relativt snøfattig og mild i sentrum, var det andre forhold i Romedalen. Der ligg framleis restane etter fleire store fonner som har gjort skade på vegetasjon og vegar.

Aarsæther seier det ikkje har vore så mykje snø i Tverholå så langt han kan hugse, og at fonnene i kombinasjon med Dagmar har ført til mykje naturskade og velta tre.

– I Romedalen går det årleg ras i Legagjølet, Tverholå og Storegjølet. Det har også gått eit stort ras mellom Moastøylen og Follestadstøylen, så det er mykje å rydde opp i. Vegen til Steinstøylen vert nok ikkje klar før om to veker. Vegen er rydda og køyrbar forbi Kubbestøylen, men er sperra vidare inntil vidare, seier han.