Det fortalde reiselivssjef Geir S. Vik til Ørsta formannskap torsdag.

Satsar

Vik fortalde at Ørsta kommune var satsingsområde for DÅS, både sommar og vinter. Og Vik meinte at potensialet for cruisetrafikk til Hjørundfjroden er stort, men viss ein skulle få til dette måtte vegen over Standaleidet verte utbetra.

– Vegstandarden over Standaleidet er for dårleg. I tillegg  er brua i Kolåsen for dårleg dimensjonert for turistbussar. Desse tinga må det gjerast noko med dersom vi skal få til den cruisetrafikken i Hjørundfjorden som vi ønskjer, fortalde reiselivssjefen til politikarane i formannskapet.

Reiselivssjefen i DÅS peika også på at det er trong for fleire rasteplassar på vegen over Standaleidet. Manglande skilting er også noko Ørsta kommune må ta på alvor, oppmoda Vik.

Festøya

– Dette gjeld t.d. frå Festøya og innover stranda mot Standal.  Der er skiltinga for turistar alt for dårleg. Vik meinte det må takast initiativ overfor Statens vegvesen i høve skiltmangelen. Vik ser føre seg skilt som opplyser om attraksjonane på ein tiltalande måte. Slikt finst ikkje i det heile i det som nokre kallar indrefileten for turisme på Sunnmøre. Også i Hjørundfjorden meiner reiselivssjefen at det er alt for få og for dårlege rasteplassar. Her må det til ei stor nivåheving og etablering av nye, tidsrette stoppeplassar som turistane finn det naturleg å stoppe på, insisterte Vik.

Mulegheiter

Reiselivssjefen forsikra elles at satsinga på Ørsta som reiselivsmål handlar om fleire ting.  Kommunen har enorme mulegheiter, men også utfordringar, peika han på.

– Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden er dei største mulegheitene i Ørsta, både sommar og vinter. Og det er gledeleg at vi også har fått signal om at også Volda vil vere med å samarbeide her, sa Vik.

– Fjellområda i Hjørundfjorden er fantastiske, og dei appellerer til meg. Utfordringa er at fjella for nokre kan virke litt for rå og tøffe. Då må vi presentere dei andre mulegheitene som folk flest kan vere med på.

Overnatting

Reiselivssjefen meinte det var særs viktig var å etablere nok overnattingsplassar. Det er alfa og omega.

– Overnattingsplassar skaper stoppeffekt og verdiskapning, hevda Vik. Han er svært tilfreds med at dei nye hotelleigarane på Sæbø satsar stort, og Vik har god tru på at nye Sagafjord Hotell vert ein suksess.

Reiselivssjefen meinte altså satsinga i Ørsta måtte handle om ei satsing både på sommar- og vinteraktivitetar, men at det også må lokal investeringsvilje til for å få realisert nye tilbod. Vik oppmoda til meir kommunal regulering for turistnæringsverksemd og at reiselivsbedriftene får den tilrettelegginga dei ønskjer.

Utviding

Også nye aktivitetar måtte kommunen vere med å støtte, meinte Geir S. Vik.

Han såg føre seg at konseptet med båt og skigåing i bratte fjell i Hjørundfjorden ville auke.

– Ja, denne kombinasjonen kjem til å auke veldig i løpet av tre til fem år, vurderte han.

Reiselivssjefen meinet også det kunne vere på tide å utvide den nasjonale turistvegen, The Golden Route, frå Geiranger til Trollstigen. Vik såg føre seg ei utviding, frå Geiranger til Hellesylt, der m.a. Norangsdalen og Hjørundfjordstranda vart ein naturleg del av denne nasjonale turistvegen.

– Her må det startast ein prosess, meinte Vik.