I Ørsta er det i dag fleire nemnder med ansvar for ymse felt. Nemndstrukturen er ute på høyring i dei ulike utvala, og under møtet til levekårsutvalet kom det fleire forslag i samband med kva slags nemnder som burde halde fram, og kva som kunne slåast saman.

– Likestilling er noko som skal gjennomsyre uansett kva vi arbeider med i kommunen. Det å ha eit eige utval i forhold til likestilling vert smør på flesk. Trafikktryggingsnemnda arbeider med eit spennande felt, men har eit saksområde som gjer at det kan liggje under samfunnsutvalet. Når det gjeld rådet for funksjonshemma og eldrerådet meiner eg at det skal vere eigne organ, og dei sit med sine spesialkunnskapar. Likestilling kan verte lagt til levekårsutvalet og trafikktryggingsnemnda kan gå under samfunnsutvalet, medan resten kan bestå, sa Kjellfrid Hovdenakk (Ap) som også understreka at ho er glad for at Ørsta har eit eige ungdomsråd.

– Handlar mykje om likestilling

Hermod Halse (Ap) kom med forslag om at likestillingsutvalet og råd for funksjonshemma kunne slåast saman.

– Det handler mykje om likestilling sjølv om ein har funksjonshindringar.

– Eg er samd med Halse. Eg trur ikkje likestillingsarbeidet vil få nok fokus med å verte ein del av levekårsutvalet, sa leiar Svein Castberg (H).

Likestillings- og inkluderingsrådet

Halse påpeikte også at ved innføring av ei ny lov gjeldande frå 2009, vart det gjort vedtak om samanslåing av rådet for funksjonshemma og rådet for likestilling, og at dette seinast burde tre i kraft i denne kommunestyreperioden.

– Rådet for funksjonshemma er eit sterkt råd, og slik som eg tolkar det, femner arbeidet dei gjer om meir. I dag gjeld dette også likestilling og inkludering, sa Halse.

Levekårsutvalet gjekk samrøystes inn for ei tilråding om at eldrerådet held fram slik som i dag, medan rådet for funksjonshemma og likestillingsutvalet vert slått saman til med namnet likestillings- og inkluderingsrådet. I tillegg vert trafikktryggingsnemnda lagt inn under samfunnsutvalet.