Ordførar  Rune Hovde er no open for å vurdere både eigedomsskatt og sal av Tussa-aksjar, dersom det skulle kome framlegg om dette.

– Ja, vi må snu absolutt alle steinar og vurdere alle framlegg som kan bidra til å styrkje kommuneøkonomien, seier ordføraren.

Ta vekk

Ørsta kommune hadde dårleg økonomi ved nyttår. Og det vart vedteke eit program for å rette opp dette. Plutseleg må ein i tillegg ta vekk 18 millionar kroner til fordi styret i Tussa ikkje finn grunn til å dele ut utbyte. Den økonomiske krisa i kommunen veks såleis kraftig. Og utfordringane er større enn på fleire år.

Resultat

Tussa-konsernet fekk i fjor eit resultat etter skatt på minus 16,2 millionar kroner. Orkanen Dagmar er hovudårsaka til det svake resultatet. Som største Tussa-eigar har Ørsta kommune budsjettert med kring 18 millionar i form av Tussa-utbyte. Desse pengane er rekna inn i drifta av kommunen.

Frå før driv kommunen altså med ein hestekur, der m.a. ei rekkje stillingar skal fjernast, ein lekk i å rette opp tidlegare års underskot. Ifølgje ordføraren handlar det om å kvitte seg med i alt 20–25 millionar kroner over fleire år.

Viss ein skal finne noko positivt i dette så ser det ut som at kommunen gjekk med åtte millionar kroner i minus i fjor, ikkje tretten millionar som har vore opplyst. Alt underskot skal etter planen vere sletta innan 2014. Og då skulle økonomien vere i balanse. Men no spørst det..

For Ørsta kommune er blakk som berre det, og der finst ingen buffer. Kommunen har i alle år gjort seg avhengig av Tussa-pengane, og gjort det til rutine å leggje det inn i driftsbudsjettet. Dette ser ein no har vore ein risikosport.

Stor oppgåve

– Det er ingen tvil om at administrasjonen og politikarane har ei kjempeoppgåve framføre seg. Eg vil be rådmannen straks etter påske lage eit oppsett over moglege tiltak og konsekvensar av desse i høve behovet for innsparingar. Eg ynskjer ikkje at rådmannen på dette tidspunkt skal ta stilling til kva som bør gjerast, seier Hovde.

Deretter må saka over til politikarane sine bord.

– Alle politiske parti må setje seg ned og diskutere løysingar, og då snakkar eg om alle moglege løysingar.

– Kva ser du føre deg kan gjerast når ein skal barbere vekk 18 millionar?

Ikkje dei svake

– Eg kan ikkje vurdere konkrete tiltak no. Men det eg kan seie er at vi må skjerme dei svakaste, og vi må ikkje gjere tiltak som inneber fare for liv og helse. Sjølvsagt ikkje. Vi er nøydd til å gjennomføre lovpålagde oppgåver. Og alle innbyggjarar i Ørsta skal få den hjelpa dei treng og dei tenestene dei har krav på, lovar ordføraren.

Han peikar på at kommunebudsjettet er stort og at det er rom for å gjere endringar.

Men ordføraren åtvarar politikarane om å handle i affekt, og gjere strukturtiltak som kommunen ikkje er tent med på sikt.

– Vi må difor nøye vurdere tiltaka når tida for realitetshandsaming kjem, seier Hovde.

Eigedomsskatt

– Når du seier at alt må vurderast må vel også eigedomsskatt og sal av Tussa-aksjar vere med?

– Viss nokon kjem med initiativ om å diskutere dette, skal eg sjølvsagt vere med og diskutere det. Men effekten av eigedomsskatt vil uansett ikkje virke inn på årets budsjett. Det er i år vi har ein spesiell situasjon. Neste år er vi vonleg tilbake som før, og vil få Tussa-utbyte.

Ikkje justere

Generalforsamlinga i Tussa skal snart haldast. Ho kan ikkje justere opp utbyte til eigarane. Såleis er styret sitt val endeleg så sant generalforsamlinga ikkje kastar styret, noko det ikkje er grunnlag for.

Ordførar Rune Hovde har sagt det før, og gjentek det:

– Det er sjølvsagt eit stort problem for kommunen at vi har gjort oss så avhengige av utbyte frå Tussa, pengar som har gått rett i det svarte holet. Desse pengane er jo noko staten meiner vi ikkje treng, fordi vi har fått pengar frå staten som dei meiner er nok til at vi skal klare oss.

Avtale

I den gamle aksjonæravtalen i Tussa, som no ikkje lenger gjeld, heitte det at eigarkommunane var garantert eit minimumsutbyte på 10.000 kroner per aksje. No er det i gang utarbeiding av ein ny avtale.

Skulle Tussa gje utbyte i år, måtte dei høgst truleg ta opp lån fordi eigenkapitalen deira ikkje er i form av pengar, men verdiar.

– Vi hadde vore med og svekt Tussa dersom vi kravde utbyte i den økonomiske situasjonen selskapet no er i, konstaterer Rune Hovde. Han forstår altså Tussa-styret si vurdering godt.

Fond

Hovde meiner Tussa bør byggje opp eit fond, der det kvart år vert sett av ein viss sum.

– Pengane frå fondet kunne nyttast i spesielle situasjonar, som i år, med null utbyte. På den måten hadde kommunane unngått overraskingar, og ein ville vere sikra eit stabilt aksjeutbyte, forklarar Hovde.

Ordføraren meiner eit slikt framlegg bør vurderast i arbeidet med ny eigarstrategi.