13. desember i fjor var kaldt ute og glatt på vegane. Leif Kvien skulle berre ut med søpla, men var uheldig, glei og brakk lårhalsen. Den spreke vartdalingen vart operert i den høgre hofta og kom til korttidsavdelinga etter nokre dagar på sjukehus. Kvardagsrehabilitering kom raskt i biletet. Då var Kvien avhengig av rullator med underarmsstøtte for å bevege seg. Kvien fekk spørsmålet «kva er viktig deg» frå kvardagsrehabiliteringsteamet og målsettinga for arbeidet som skulle gjerast vart bestemt. Kvien hadde fleire tydelege mål. Han skulle tilbake på Klubb 87, hente posten sjølv, gå ut med søppelet sjølv, dusje sjølv, spele bridge og klare å gå utan gangehjelpemiddel. På Kva er viktig for deg-dagen 6. juni hadde kvardagsrehabiliteringsteamet sitt siste oppfølgingsmøte med Kvien, i tillegg til at det vart gjennomført ein fysisk test. Alle mål som den spreke pensjonisten sette seg er nådde, og Kvien har hatt ei veldig god utvikling gjennom opptreningsperioden.
– Eg hugsar godt første gangen eg torde å sleppe taket og gå sjølv att. Det var ein fredag kveld. Det var ein siger for, og eg torde å sleppe taket fleire gonger den kvelden, seier ein rørt Kvien.
Kva er viktig for deg-dagen
Onsdag vart Kva er viktig for deg?-dagen markert i heile Noreg. I Ørsta kommune stilte kvardagsrehabiliteringsteamet og dei tilsette spørsmålet «Kva er viktig for deg» til brukarane. Målet er at dette spørsmålet skal få ein meir sentral plass i heile helsetenesta i kommunen.
– Det handlar om å flytte fokuset frå å spørje «kva feiler deg?» til «kva er viktig for deg?». Vi ønskjer at den ein-skilde skal oppleve å bli høyrt gjennom å få spørsmålet, seier Monica Gustavsen i kvardagsrehabiliteringsteamet i kommunen.
I år er det fjerde året på rad at Kva er viktig for deg?-dagen vert markert i Ørsta kommune. Dagen skal tydeleggjere ei retningsendring i helsevesenet basert på ei helsefremjande tilnærming og ei styrka pasientrolle. Erfaringar viser at aktiv deltaking i utforming av eigne mål for brukarane aukar motivasjon og styrkar eigenmeistringa.
– Målet med å stille spørsmålet «kva er viktig for deg?» er å løfte fram brukaren sine ressursar og gjere kvardagen til den einskilde best mogleg. Det handlar om å lytte, involvere og gi rom for brukarmedverknad når det gjeld retning i deira eigne liv.
Dansar att
Før Kvien var uheldig og braut lårhalsen var han veldig aktiv. I løpet av året hadde 70–80 turar på rundt seks kilometer rundt dalen. Langfredag i år hadde han sitt første tur att saman med kvardagsrehabiliteringsteamet.
– Då han starta opp att var det rullator. Etter kvart gjekk Leif over til stavar og no går han utan hjelpemiddel. For kvar tur vi hadde gjekk han også lenger og lenger, seier Gustavsen.
Å få ta del i Klubb 87 var også eit stort mål for Kvien.
– Det skulle eg klare og no har eg vore der på dans att. Eg må innrømme at eg var skjemde etter første dansen, men på den fjerde dansen var eg kome inn i det att, seier Kvien med eit smil.
Kva tykkjer du om hjelpa du fått?
– Tilbodet har vore svært bra og alt har fungert. Alle som har hjelpt meg fortener skryt.