For sjølv om Ørsta sentrum no har ein spesiell situasjon med heile fire sportsbutikkar, og konkurransen aldri har vore hardare, så finn ein ikkje gravferdsstemning i nokon av butikkane og nedgang i omsetninga. Tvert imot: Auka sportsbutikk-etablering har ført til auka handel hos alle, er meldinga.

– Konkurransen er stor i Ørsta no, men kundane vil nok finne det attraktivt å ha eit stort utval innan sportshandelen. Difor trur eg vi har fått ein vinn-vinn-situasjon for alle dei fire sportsbutikkane, vurderer dagleg leiar Vivi-Ann Teige på Sport Outlet Ørsta.

Denne kjeda etablerte seg i starten av desember i dei tidlegare lokala til Europris ved Vikegata. Outlet-butikken sel kle, sko og utstyr til friluft, tur, trening og kvardags. Så langt har responsen frå kundane vore god.

– Førebels er eg godt nøgd med salet. Vi har hatt veldig bra trafikk i butikken, og det verkar som at mange synest vi har eit fint tilleggstilbod, seier Vivi-Ann Teige.

Ho gjer det klart at outlet-kjeda ikkje ønskjer å konkurrere ut andre butikkar.

– Nei, vi ønskjer å vere eit godt supplement til dei andre butikkane gjennom sal av kle, sko og friluftsutstyr, medan dei andre sportsbutikkane også har ski, syklar og ei rekkje andre varer som vi ikkje har. Butikkane utfyller kvarandre, og gjer Ørsta som handelsstad meir attraktiv, meiner Teige.

God stemning

Stemninga er god også hos Syver Nupen som driv Sport 1 i gågata.

– Vi har ikkje merka noko til etableringa av outlet-butikken. Vår butikk er godt innarbeidd og kundane set pris på oss. Vi er nøgde med drifta og la bak oss eit fjorår med auke. Vi klagar heller ikkje over byrjinga av dette året, vi har jo ein kanonvinter som slår positivt ut for salet av skiutstyr, både for langrenn, alpint og til toppturar, fortel Nupen.

Han ser ikkje bort frå at etableringa av outlet-butikken på den gamle haldeplassen kan slå positivt ut for alle sportsbutikkane.

– No har jo Ørsta vorte eit senter for sportshandel med auka utval. Vi er meir attraktive, noko som kan gi generell vekst. Vår oppskrift er å vere gode på det vi satsar mykje på som t.d. ski- og turutstyr, utstyr til fiske, i tillegg til sko og tekstilar, seier Nupen.

Same eigar

Både G-Sport og Intersport i Ørsta har same eigar, Sunnmøre Sport Holding AS som også eig sportsbutikkar i Stryn, Sykkylven, Ulsteinvik og i Volda. Tore Hasund, ein av hovudeigarane, ser heller ikkje mørkt på at det har dukka opp endå ein sportsforhandlar i Ørsta.

– Vi har hatt ein veldig god vekst siste åra og har ikkje merka noko til at det har kome ein outlet i sentrum. Eg trur at fleire lågprisbutikkar i større grad merkar outlet-butikken. Større sportsutval betyr at endå fleire kundar vert trekte til Ørsta. Det nyt alle butikkane godt av, vurderer Tore Hasund. Vi møter han på G-Sport på Amfi-senteret. Sjølv om butikken gjer det godt, vedgår Hasund at det er tøff konkurranse i bransjen og at aktørane må vere skjerpa.

– Bransjen har endra seg siste åra, og vi merkar sterk konkurransen frå nettsal sjølv om prisane på nettet og i butikkane har jamna seg ut. Butikkane sin styrke er kunnskap og sørvis. Og så må vi tenke effektivitet i alle ledd i ei tid der sportshandelen har større og fleire aktørar enn nokon gong, og tilgangen på varer aldri har vore så stor som i dag, seier Hasund.