– Eg har øvd ein del, men er spent, seier Eskil Borgan.

Han studerer musikk ved Høgskulen i Volda og har slagverk som hovudinstrument.

– Eg likar helst å spele progressiv og alternativ rock. Og eg har aldri vore solist før, seier Eskil Borgan.

No er det klart for debut i musikkstykket «The typewriter». Ein komposisjon der solisten spelar på skrivemaskin. For å få til dette trengst det ikkje berre solist, men også skrivemaskin. Det er ikkje slikt som folk har ståande lenger.

– Eg gjekk til gjenbruksbutikken. Dei hadde ikkje noko inne, men dei klarte å skaffe ei, fortel Eskil Borgan.

Og ikkje kva som helst slags skrivemaskin heller. Det er snakk om øvste hylle i skrivemaskinverda, nemleg ein Remington, som også har ein karakteristisk «pling» for lineskift.

Konsert

Symfoniorkesteret ved Høgskulen fylte i haust 70 år, men er langt frå å kjenne seg som nokon pensjonist.

– Vi har ligge i hardtrening – ikkje til OL, men til dei tradisjonsrike Nyttårskonsertane som går av stabelen på Berte Kanutte-huset laurdag og søndag, seier Therese Aakre som er skrivar i orkesteret.

Dirigent på konsertane er Elizabeth Oltedal, førstelektor ved musikkseksjonen. Elles på repertoaret står mellom anna sverddans av Khatsjaturjan, Vilja-arien frå Den Glade Enke, Gabriels Obo og Kareliasuiten av Sibelius.