For dei lokale pelsdyroppdrettarane er det gode tider, men den gode trenden dei no opplever kan fort snu.

– Det har vore ein stor auke på verdsbasis, og det har vore veldig bra prisar i år. Når det vert så stor produksjon kan prisen raskt gå ned att, og på minkskinn kan prisen gå nedover ganske fort. Likevel er dette veldig vanskeleg å spå. 2013 har vore eit bra år. Sidan det var så stor produksjon, var det uventa at det skulle verte eit såpass bra år. Prisane følgjer etterspurnaden. Om det skulle vere fulle lager og etterspurnaden går ned, så vil prisane også gå ned, seier pelsdyroppdrettar Jetmund Øye.

Noreg

Pelsdyrnæringa i Noreg vil i 2013 omsetje for ein halv milliard kroner. Dette er ein vekst på rundt 70 millionar kroner frå 2012.

– Vi omsette for 380 millionar i 2010, og 430 millionar i fjor. I år vil vi tippe i alle fall 500 millionar, seier marknadssjef Torkil Tveter i Norges pelsdyrlag til e24.no.

Hovudårsaka til den kraftige auken er stor etterspurnad frå Kina. Ifølgje Tveter er det opna over hundre nye pelsbutikkar i landet i år, og spesielt skinn frå Norden er attraktivt for den kinesiske marknaden. I tillegg til etterspurnad frå Kina er pels også motebilete ifølgje marknadssjefen.

– Ei rekkje vestlege motehus har dei siste åra brukt meir og meir pels i kolleksjonane sine, samtidig som at fleire av dei har signalisert at dei er oppteken av dyrevelferd. For eksempel bruker ikkje Burberry pels utan å først ha undersøkt kva slags forhold dyra lev under. Derfor vel dei seg ofte leverandørar frå m.a. Noreg.

Tveter legg også til at kvaliteten på norske skinn vert rekna som å vere blant den beste i verda. I Noreg i dag vert det produsert rundt 800.000 minkskinn og 150.000 reveskinn. Talet på pelsdyrfarmar har gått kraftig ned. På 80-talet var det rundt 2.000 pelsdyrfarmar i Noreg, og i dag er det rundt 300. Omsetjinga som bransjen no opplever har dei berre opplevd ein gong tidlegare, og det var 1987/88-sesongen. I år vil bransjen omsette for like mykje som under stordomstida på 80-talet.

– Gode år i møte

Tveter meiner at pelsdyrnæringa går gode år i møte, og at det er no er fleire som satsar på pels etter fleire år med nedgang. Marknadssjefen seier også at det har vore ein nedgang i talet på negative førespurnaden frå pelsdyrmotstandarar.

– Den negative motstanden, det vil seie utslepp av dyr, angrep av butikkar og andre kriminelle handlingar, har det vorte mindre og mindre av. Dei seriøse motstandarane har medverka til at dyrevelferden har vorte betre, noko eg rosar dei for, seier Tveter til e24.no.

– Marknaden svingar

Dei lokale pelsdyroppdrettarane håper at dei gode prisane vil halde seg.

– Etter finanskrisa vart etterspurnaden etter skinn mindre, og det var skepsis til å kjøpe skinn. Dette snudde seg ganske fort. Det er slik at det alltid er ein topp, og så går det kraftig ned. Det er bra at det er gode prisar no, for då får vi lagt opp litt pengar til prisane går ned att. Marknaden svingar heile tida, men prisane på mink har vore ganske bra dei ti siste åra. Men det er forskjellar, og måren har vore dårleg prisa i mange år. No er prisane og produksjonen på veg opp. Likevel så er vanskeleg å spå, og spesielt om framtida, seier Øye.