Ei elektronisk avis vil seie det same som at lesarane no kan lese heile papiravisa på ein dataskjerm, på eit nettbrett eller på ein mobiltelefon.

– Produktet er ikkje det same som såkalla «pdf-aviser», som er ei avfotografering av papiravissidene. Med eAvisa kan lesarane klikke på artiklane dei vil lese, og få desse i ei god og lesevennleg form, og dei kan klikke på bilete for å sjå på desse meir nøye. Vi er svært godt nøgde med det produktet som den danske firmaet Visiolink har utvikla for oss, seier redaktør Rune Sæbønes i Møre-Nytt.

Nettavis og eAvis

Den elektroniske avisa må ikkje forvekslast med nettavisa til Møre-Nytt. Nettavisa er eit eige produkt der nyhende fortløpande vert oppdatert, og som kan lesast på dataskjerm eller mobiltelefon. Møre-Nytt kom også med eigen lesevenleg mobilvariant for nettavisa før jul. Den elektroniske avisa er altså papiravisa i elektronisk form. Her vil lesarane få med seg alt som er i papiravisa, også annonsar.

Morgonavis

– Den elektroniske avisa vert lansert klokka 05.00 på avisdagane, altså tysdagar, torsdagar og laurdagar. Vi trur at særleg for abonnentar utanfor kommunen, der det grunna sein postgang kan gå både ein og to dagar før papiravisa kjem i postkassa, vil eAvisa vere eit alternativ, seier Sæbønes.

Han peikar også på at med eAvisa kan abonnentar få med seg avisa uansett kvar dei måtte vere i verda, berre der er eit brukbart mobilsamband eller ei trådlaus tilknyting til internett.

– Vi veit at nettavisa vår er noko som vert lest i ferietider når folk er andre stader, og vi håper og trur det også vil gjelde for eAvisa.

Møre-Nytt-app

For å få den nye eAvisa så lesevenleg som mogleg, er det utvikla eigne appar for nettbrett og smarttelefonar for både Android- og Applebrukarar.

– Appen kan folk laste ned gratis frå anten Google Play eller App Store, avhengig om kva nettbrett eller mobiltelefon ein har. Desse løysingane for nettbrett og mobiltelefon er svært avanserte, og vi håper lesarane testar ut produkta, seier Sæbønes.

Gratis i seks veker

I seks veker framover vert eAvisa gratis for alle som ynskjer det. Etter gratisperioden inngår eAvisa i eit eige digitalt abonnement, saman med nettavisa.

For å få tilgang til eAvisa no må ein bruke same passordet og brukarnamnet som til nettavisa. Dersom, ein ikkje har brukarnamn og passord, kan ein få det å skanne QR-koden som står i annonsen for e-avisa i dagens papirutgåve, eller ein kan gå via morenytt.no.

– Alle som tingar gratis prøveabonnement i seks veker er med på trekninga av ein iPad til ein verdi på kring 5.000 kroner, fortel Sæbønes.

Han ynskjer e-abonnentane ei god leseoppleving.