I løpet av 2013 var det ein auke på heile 20 prosent i mengda konkursar i Noreg. Nye tabellar viser at bedriftene i Ørsta kommune er meir uthaldande enn som så.

Det har vore ein særdeles stor auke i mengda konkursar i Noreg det siste året, på nesten 20 prosent. Totalt har det vore 4.562 konkursopningar, noko som er 754 fleire enn året før. Lokale tal viser at det i Ørsta derimot har blitt færre konkursar. Volda har ein auke.

– Taktskifte

Sjølv om det er positive tal for Ørsta, er tendensane klare i norsk næringsliv.

– Norsk økonomi har hatt stor auke dei siste åra, men no har det skjedd eit taktskifte, seier småbedriftsøkonom i DNB, Ellen Dokk Holm. Ho forklarer endringa med svakare vekst i oljeinvesteringane, eksporten og eigne investeringar.

Konkursar i Ørsta

Ifølgje dei nye tala frå Statistisk sentralbyrå blei det opna konkursar i seks føretak med adresse i Ørsta kommune siste år. Dette er éin færre enn året før. Verksemdene er alle organisasjonsformer, også personlege åtte føretak med organisasjonsnummer (valfritt). Dette gir 0,6 konkursar per 100 bedrift i Ørsta. Snittet i Noreg er 0,9 konkursar per hundre føretak. I Volda kommune kom ein til fem konkursar, som her er ein auke på tre bedrifter. Konkursraten er i Volda og på 0,6 per 100 bedrift. Ved inngangen til 2014 var det totalt 1.066 bedrifter med stort og smått i Ørsta kommune, mens Volda hadde 885 verksemd i vigør.

Best på overleving

Av dei 428 kommunane i Noreg, svar det faktisk 66 av dei som gjekk gjennom fjoråret utan ei einaste konkursopning. Sauherad i Telemark er ”best på overleving” i Noreg. Her var det 588 bedrifter, og alle består. I motsett ende finn vi Evenes kommune i Nordland med 2,7 konkursar per 100 bedrifter.

Best i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er Gjemnes kommune med 384 bedrifter og ingen konkursar. Skodje kommune blei i fjor verstingen i Møre og Romsdal, med seks konkursar på 359 bedrifter – som gir 1,7 per 100 bedrift. Ørsta og Volda er på delt 197. plass på ”overlevingstabellen”.

Konkursar i Møre og Romsdal

Det er svært store forskjellar på konkursutviklinga i det norske land. Østfold har hatt ein auke i mengda konkursar på formidable 48 prosent det siste året. Også Austlandet elles har hatt stor auke. Det same har Rogaland og Møre og Romsdal. Størst nedgang var det i Finnmark, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag. Det var 236 konkursopningar i Møre og Romsdal i fjor. Dette er 46 fleire enn året før, som gir ein auke på over 24 prosent.

Får mindre å gjere

– Utviklinga i Noreg kan karakteriserast som ei «mjuklanding» for norsk økonomi. Hushalda står for det klart største bidraget til norsk økonomi, men det private forbruket ber ingen preg av kjøpefest. Bustadinvesteringane har vist ein svakare tendens i det siste, seier Holm.

– No som marknaden roar seg noko ned er det naturleg at nokre bedrifter får mindre å gjere. Samtidig kan det også vere bedrifter som har stor vekst som kan slite økonomisk fordi det kostar å vekse, forklarer Holm.