– Bestseljaren vår gjekk vi tom for tidleg i fjor. I år har vi fått inn enno fleire, men det ser mørkt ut for denne siste veka. Vi er i ferd med å gå tom igjen, fortel Tim-André Sæten ved Plantasjen i Furene.

Enkelt og greitt

Dei har ti ulike variantar av kunstig tre å velje mellom. Det som ser mest ekte ut er også det som er dyrast. Men prisen stoppar ikkje kundane.

– Dei vel jo eit kunstig tre fordi det er noko dei vil ha i fleire år.

Fasiten for dei som kjøper kunstig tre er enkel. Dei ønskjer eit tre som ikkje dryss og dei vil ha det enkelt.

– Sjølv føretrekkjer eg det naturlege. Lukta av gran, og det å støvsuge nåler er jul for meg, seier Sæten.

Aukar

Han forstår likevel godt at folk vel kunstig når trea ser så naturtru ut at det er vanskeleg å sjå om det er ekte eller ikkje.

– Før var det gjerne allergi som var grunnen til at folk kjøpte. Det er det enno også, men no er det også ei løysing for dei som vil ha det litt meir lettvint.

Blant rekkjene av tre har Kenneth Sande funne seg eit. Tim-André Sælen hjelper til å kople i kontakten, og vips står treet med eit dryss av kvite lys på seg. Litt finjusteringar av greinene, så er det klart.

– Det var vel flott?

Det er Anita Vatne som spør. Ho er med som konsulent for Kenneth.

Han er samd. Eit heilt kurant juletre.

– Eg skal ikkje vere heime i jula. Eg skal jobbe vekke, men tre vil eg ha likevel. Dette kan eg ha ståande, og så kan eg ha ekte tre inn i mellom når det passar seg slik. Då kan dette vente på boda.

Kvite tre

Salet av kunstige juletre aukar jamt og trutt.

– Kvart år sel vi meir, og det vil nok berre utvikle seg vidare. Trea ser betre og betre ut. Dei som kjøpte kunstig tre for fem år sidan kjem også tilbake for å få seg eit nytt, fordi dagens tre ser så mykje betre ut.

Blant dei ti sortane på Plantasjen er det også kvite juletre. Dette er også ein trend som har kome siste åra.

– Kvitt er veldig pop. Men dei fleste som kjøper det har valt det som eit tre nummer to. Altså som ein slags dekorasjon i tillegg til noko anna. Men nokre vel det nok som einaste juletre også.

Sidan midten av november har salet av kunstige tre gått godt. Ute ventar dei ekte trea på nye eigarar.

– Men her er folk ute litt meir i siste liten. Vi reknar med at vi vil merke det no den siste veka før jul, for det er framleis flest av dei som vil ha ekte varer, meiner Sæten.

Kvitt tre til jul? Mange har valt dette alternativet, men då gjerne som eit tre nummer to, i tillegg til det ordinære grøne, kan Tim-André Sæten på Plantasjen fortelje.
Ute ventar dei ekte juletrea på nye eigarar. Mens dei som kjøper kunstige tre er ute i god tid, er det den siste veka før jul som er høgsesongen for dei ekte trea.