Kommentaren kjem etter at han har fått presentert sluttrapporten for felles regionutvikling med Volda, og på same dag der Ørsta formannskap handsama barnevernsaka der Ørsta kjenner seg noko spesielt behandla av Volda kommune.

Men uansett meiner Hovde at rapporten Asplan Viak har laga vert viktig for Ørsta og Volda.

– Det mest tydelege rådet er at dei områda vi tek til næring må vi ta fullt og heilt, og ikkje klattvis. Det er også måten å ta vare på jordbruksareal på litt ut på bygdene. Og så er det viktig og utfordrande for oss å godta at det kjem nokon utanfrå som seier at ikkje alt veks opp i himmelen. Vi har eit ynske om å utvikle Furene/Hovdebygda som eit møtepunkt mellom Ørsta og Volda. Då seier rapporten at vi ikkje treng å byggje oss i hop for å møtast, seier Hovde.

Han er glad for at kjem slike omseggripande rapportar.

– Det får oss til å lyfte blikket. Dette blikket må vi klare å halde oppe. Vi må tore å tenkje dei store tankane. Men det er heilt klart at då møter vi også hinder, som til dømes vegvesenet og val av E39-trase forbi Ørsta, seier Hovde.

Saman med kollega Arild Iversen er han overtydd om at Ørsta og Volda saman kan verte eit slagkraftig regionsenter, og dei peikar begge på at fylkeskommunen seier at Ørsta/Volda er den fjerde byen i fylket.

Les meir om rapporten i papirutgåva torsdag.