Fylkeskommunen har gjennomført arkeologiske registreringar i området i samband med Volda kommune har utarbeidd eit forslag til reguleringsplan for Botnavegen. Registreringane påviste område med automatisk freda kulturminne på to av bruka.

I eit av områda er det påvist spor av førhistorisk aktivitet i form av ei kokegrop tidfest til yngre jarnalder (689 – 880 år etter Kristus), og eit fossilt dyrkingslag, ardspor og nokre nedskjeringar der det fossile dyrkingslaget er ekstra godt bevarast.#<\p>Dette har ei tidfesting til dei eldste delane av eldre jarnalder (350 – 110 år før Kristus)

Omsynssone

Fylkeskommunen forstår det slik at kommunen yn skjer å justere planen slik at han ikkje inneber konflikt. Fylkeskommunen foreslår då ei omsynssone, og at det i reguleringsføresegnene vert poengtert at dette er automatisk freda kulturminne det ikkje er lov å gå ned i.

Vidare meiner fylkeskommunen det er potensial for funn av tilsvarande karakter der vegsteinane står på oppsida av vegen.

– Vi har kome til at potensialet er så vesentleg at vi vel å definere delen av hagearealet nedom husa på oppsida av vegen på denne eigedommen som ein del av fornminneområdet. Vi ynskjer ikkje å fjerne steinane for å sjekke om dette er tilfelle, men jordlagstjukkelse og jordbor gir god indikasjon, kommenterer fylkeskommunen.

Steinar

I svingen rundt gamlevegen forbi bruksnummera 12,3 og 1 på Rotevatnet står det ifølgje fylkeskommunen ikkje mindre enn tretti steinar, i hovudsak grindsteinar, vegsteinar og bytesteinar.

– Dei sytten steinane på oversida av vegen på bruksnummer tre står altså i jordlag av truleg same kvalitet som dei vestafor på bruksnummer tolv. Vi har difor definert dette som ein del av lokaliteten, men det er brot på dei to stadene på bruksnummer tre der det er bygt veg inn. Ikkje heller her har vi definert funna utover planområdet, kommenterer fylkeskommunen.

Verneverdig

Kulturmiljøet definerer fylkeskommunen som høgst verneverdig.

– Dei varierte funna av freda kulturminne attende til eldre jarnalder gir det stor tidsdjupn. Karakter og enkeltminne bør i størst mogleg grad verte søkt bevart. Når ein ikkje berre skal utbetre, men og ha inn gangveg her, er det sjølvsagt for trongt. Ein må ikkje late alle dei tretti steinane her gå for å få det til, men kan leggje ei utviding på nedsida forbi svingen, late steinane på oversida stå som i dag, og flytte dei andre på nedsida vidare nedover. Samstundes bør ein her sjølvsagt halde seg til ei smalare fortausbreidd på gangvegpasseringa, seier plansamordnar Johnny Loen i fylkeskommunen.

Han og fylkeskommunen meiner også at fundamentet på ei gammal bru i området bør takast vare på. Det er også gjort registreringar på bruk på Vassbotn-gardane, men her er ikkje dateringsprøvene klare enno.

Paradoks

Fylkeskommunen konkluderer dermed med at det vert lagt ned motsegn grunna automatisk freda kulturminne på gardsnummer 27, bruk tolv og tre. Tilrådinga er at det vert teke omsyn til funna gjennom ei omsynssone.

– Dette vil også sikre at ein liten part av det kulturmiljøet som ligg langs vegen inkludert sytten steinar får stå. Det går med mykje kulturminne på denne vegutbetringa, og det er paradoksalt at det med det forsvinn mykje av dei kvalitetane som gjer dette til ein populær turveg. Vi har forståing for at vegen lyt sikrast for gåande, men tilrådd at dette skjer på eit vis som i størst mogleg grad sparer dei synlege minna frå vår nære fortid, heiter det frå fylkeskommunen.