- Musikkseksjonen ved høgskulen  invitererbygdefolk til gratis opningskonsert av den nye konsertsalen, torsdag 27.februar, seier Svein Hunnes, høgskulelektor ved avdeling for Mediefag.

Tonar frå både høgskulen sitt kor og orkester med solistar, samtnokre studentband, skal innvie den nye salen.

Program

– Vi har eit flott program som verkeleg viser kvalitet og breidde av det vidriv med til dagleg. Vi er stolte av både studentar, kor og orkester -  ogvil gjerne vise fram den nye konsertsalen til bygdefolket, fortel Svein Hunnes.

Konsertar og musikalske framføringar har blitt ein stor del avundervisninga på avdeling for Mediefag, og behovet for oppgradering avlokalitetane har lenge vore gjeldande.

– For at studentane skal få betre arbeidsforhold med lyd ogsenefasilitetar, var det no naudsynt med ein ny sal.

Kjellaren

Den nye konsertsalen er i kjellaren på Kaarstad-huset. Her har detstore auditoriet blitt delt i ein dramasal og ein konsertsal. I konsertsalen erder no eit skuvbart amfi med omlag 200 sitjeplassar, nye sceneteppe og nyttlydanlegg. Dette skal vere i stand til å handtere det aller meste avmusikk(ut)trykk.

Dalsfjord bygg har stått for det byggtekniske. ForaForm harinstallert amfiet og Norcase har installert sceneteppe og anlegg.

– Vi gler oss til å ta i bruk den nye konsertsalen, og ser fram tilopningskonserten torsdag 27. februar. Kom å prøv oss ut! Oppmodar Hunnes.