Ifølgje SFO-tabellar frå Statistisk sentralbyrå er det meir kostbart å ha barn på Skulefritidsordninga (SFO) i Ørsta kommune enn det som er vanleg i resten av landet. Gjennomsnittet for ein fulltidsplass i Kommune-Noreg var i fjor på 1.950 kroner. Det er altså snitt per kommune, uavhengig av kommunestorleik og mengda barn.

Prisskilnad

Prisen for ein fulltidsplass i Ørsta kommune (eitt barn, ingen moderasjon) var i fjor 2.450 kroner per månad. Det er altså 500 kroner meir enn gjennomsnittet, som utgjer 5.000 kroner på eitt år. I Volda kommune var prisen for ein SFO-plass 2.030 kroner. Det er 80 kroner meir enn ”normalt”.

Tala i denne saka handlar altså om prisane frå fjoråret, som kommunane sjølve har rapportert inn til SSB via Kostra (kommune-stat-rapportering). Prisane som gjeld no for 2013 vil først kunne samanliknast med resten av landet når prisane blir samla inn til våren igjen.

Kommunen fastset

SFO blir drive i tråd med sjølvkostprinsippet, det vil seie at kommunane kan krevje at utgiftene til SFO blir dekte gjennom eigenbetalinga frå foreldra.

– Kommunen får likevel noko rammetilskot av staten for å dekkje delar av utgiftene. I motsetnad til barnehagane har ikkje SFO maksimumspris sett av Stortinget. Foreldrebetalinga blir difor fastsett av den einskilde kommunen, forklarer Jon Scheistrøen i SSB.

Utviklinga siste år

Gjennomsnittsprisen blant kommunane i Noreg har auka med 2,2 prosent det siste året, medan det i Ørsta kommune har vore ein prisauke på heile 6,5 prosent frå 2011 til 2012. I kroner og øre snakkar ein om ein auke på 150 kroner per månad.

I Volda kommune har det vore ein auke på 107 kroner, som er opp 5,6 prosent.

Dyrt og billig

Det er særs store forskjellar i SFO-prisane i det langstrakte landet vårt. Etnedal kommune i Oppland er øvst på prislista med 3000 kroner for ein fulltidsplass. I motsett ende betaler foreldra berre 660 kroner. Det betyr at foreldra i den dyraste kommunen har SFO-utgifter som er heile 78 prosent høgare enn dei som bur i den rimelegaste kommunen. Då snakkar me om ein forskjell på kring 23.000 kroner på eit år.

SFO-prisar i Ørsta rangerte

Med Bremanger på toppen av landsoversikta over dei rimelegaste SFO-prisane, så kjem Ørsta inn først på 364. plass. Volda blir å finne som nummer 206. Det manglar data frå nokre kommunar, men 395 av 428 kommunar har alt på plass.

Den kommunen i Møre og Romsdal som hadde dei høgaste prisane, er Averøy, som i fjor tok 2.527 kroner for ein fulltidsplass. Deretter kjem Ørsta kommune. I den andre enden av skalaen finn vi Sunndal kommune, som hadde ein pris på 1.097 kroner.