Tema for dagen er «Vegen vidare». I invitasjonen viser dei til sterke signal frå den nye regjeringa om ei framtidig nasjonal kommunereform.

– Med grunnlag i klare signal om flytting av fleire oppgåver til kommunane i framtida og behovet for meir «robuste einingar», bør vegen vidare for ei større kommune på Søre Sunnmøre drøftast ope, skriv ordførar Jan Berset i invitasjonen.

Han foreslår eit møte for formannskapa i dei ulike kommunane, på Ivar Aasen-hotellet i Ørsta, 28. mars.

– Dette dreier seg om å meisle ut ein strategi og ein struktur for framtida i vår region. Her kan kommunane vise leiarskap og handlingskraft i ei stor, viktig og omfattande utfordring for heile regionen.