Onsdag ettermiddag rundt klokka 16.30 vart ein mann meldt sakna. Politiet fann bilen hans parkert, og mannen hadde lagt ut på tur på fjellet på Godøya. Rundt 115 personar vart sett inn i det krevjande arbeidet med finsøk torsdag ifølgje Sunnmørsposten. Ørsta Røde Kors Hjelpekorps var i beredskap onsdag kveld, og torsdag morgon reiste mannskap frå Hjelpekorpset til Godøya. Åtte frå Hjelpekorpset var med i søket, i tillegg til at Ørsta Røde Kors Hjelpekorps sytte for full sambandsdekning i søksområdet med tre repeaterstasjonar. Volda Røde Kors Hjelpekorps tok del i søksarbeidet frå onsdag kveld av.

Rundt klokka 14.45 torsdag vart det gjort funn. Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt opplyser at mannen er identifisert som den sakna Einar Henry Berget, 68 år gammal, frå Giske kommune. Skader på forulykka samsvarar med at han vart treft av lynnedslag.