Rune Hovde (H) registrerer at landsmøtevedtaket har vekt harme blant nynorskforkjemparane. Hovde meiner på si side at det også kom mykje positivt ut av møtet.

Les også: – Eit openlyst åtak på nynorsken

– Dette handlar litt om kva ein vil vinkle det til. Eg vel å ta den positive vinklinga, så ser eg at dei som ønskjer å angripe Høgre vel den negative vinklinga. På sentrale delar av Austlandet vil dei truleg lage ei negativ sak av at sidemål ikkje lenger er valfritt, seier Hovde.

Høgrepolitikaren var ikkje sjølv til stades på landsmøtet, men fekk med seg debatten om sidemål. Når det gjeld fjerninga av karakterar og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, meiner Hovde at Høgre kunne behalde dei.

– Som nynorskmann skulle eg ønskje at Høgre gjekk enno lenger i å behalde sidemålet og karakterane i sidemålet. Eg meiner Høgre er eit kunnskapsparti, og vi skal ikkje svinge unna kunnskap når det gjeld vårt eige språk heller. Men eg vel likevel å sjå det positive i at Høgre ikkje lenger har i programmet sitt at sidemål skal vere valfritt, seier Hovde.

– Det faktum at det ikkje lenger står at det skal vere valfritt, er byrjinga på ei jamstilling mellom dei to skriftspråka på ein betre måte enn vi har det.

– Så du meiner det vil styrkje nynorsken?

– På sikt trur eg dette var eit landsmøte som var med på å styrkje nynorsken, for det var så mange dyktige folk som stod fram og talte sidemålet si sak.