Ved årets inngang var det totalt 656 tunge motorsyklar registrerte i Ørsta og Volda kommunar. Dette er tolv fleire enn på tilsvarande tidspunkt året før. Møre-Nytt har gått gjennom alle mogelege merke, og har i dag ein Topp 10-liste over dei mest populære tohjulingane, og kva som går opp – eller ned.

Mest pop i Ørsta og Volda

Med tunge motorsyklar meinast over 125 kubikk. Det merket som er mest populært blant MC-folket i Ørsta og Volda, er Honda. Det finst totalt 144 av dette merket blant dei som er registrert hjå oss.

Deretter følgjer Yamaha, som tel 112 utgåver her. MC-bronsen her lokalt går til Suzuki, som det finst 94 av.

Honda nummer 1

Ein titt på landsoversikta viser at Honda held god stand som det klart mest brukte MC-merke i Noreg. Det er 27.588 utgåver av denne over heile landet. På andreplass er Yamaha med dryge 20.000. Suzuki beheld tredjeplassen enn så lenge, med 18.554 eksemplar, men Harley Davidson (HD) er på veg forbi.

Det finst totalt 135.066 tunge MC-er i Noreg. Dette er om lag 4.400 fleire enn for eitt år sidan. ATV (som Bombardier) og snøscooterar tel med på desse listene, då dei blir registrerte som tunge MC

Harley aukar mest

Vi har altså sett på tilsvarande tal for eitt år sidan, og kan dermed kåre vinnarar (og taparar) på MC-fronten, både på landsbasis og i Ørsta og Volda.

For å ta heile Noreg fyrst, så er det ingen tvil om at Harley Davidson kjem best ut i 2012. Denne klassikaren aukar mest i reelle tal, då det er 920 fleire i Noreg det siste året. Det er 5,4 prosent opp. Her noterer vi også BMW, som har ein auke på 6,2 prosent i Noreg.

Utviklinga i Ørsta og Volda

I Ørsta og Volda kommune er det Yamaha som har ”best snøggleik”, med ein auke på nesten ti prosent. Av dei store følgjer HD med tre prosent vekst.

- Det er fleire grunnar til at Harley Davidson aukar mykje i Noreg. Fyrst og fremst meiner eg at sjølve produktet er det viktigaste stikkordet. Det er kvalitet i alle ledd, og HD er vel så gode som dei andre merka både teknisk og mekanisk, seier Thomas Magnussen, leiar for Harley Davidson Noreg til Møre-Nytt.

– HD har vore sterkt undervurdert reint kvalitetsmessig. Tidlegare hadde merket ord på seg for å ha litt problem, som for eksempel med lekkasje av olje. Men no har tryggleiken blant forbrukarane festa seg, noko vi også ser på andrehandsverdien på ein HD, seier han.

Færre ulukker

Magnussen peikar også på det faktum at HD-eigarar får gunstigare forsikringsordningar enn andre tradisjonelle MC-er.

– Dette fordi HD er vesentleg mindre innblanda i ulukker enn andre MC-er. Og det har samanheng med at HD-ryttarane køyrer mykje rolegare, seier Magnussen – som med det også sveiper innom det han meiner er ein av dei største forskjellane på ein køyretur med ein HD, kontra ein tur med ein MC i andre kategoriar.

Sosialt

– Dette handlar om historikk. Ein køyrer HD av rein nyting, og det er svært komfortabelt. Ein får med seg naturen og får sjansen til å sjå seg rundt, gjerne saman med andre. Det høyrest gjerne idealistisk ut, men det handlar om å kople av og kose seg, seier han.

– I tillegg er det mange treff og aktivitetar blant likesinna over heile landet. Ein har ikkje fritidsproblem om ein har ein Harley Davidson, konstaterer Magnussen.

Det er ein noko høgare inngangspris på ein Harley Davidson enn ein ”tradisjonelt” MC (som racing eller sportstouring). Ein HD 883 er ofte fyrstegongskjøp, og denne ligg no på rundt 120.000 kroner ny.