I ei pressemelding frå Trygg Trafikk vert det fremja forslag om at 17-åringar som har opparbeidd seg minst 100 timar med øvingskøyring kan få køyre vidare utan rettleiar.

– I dag får ikkje ungdomar nok røynsle bak rattet før dei vert sleppt ut på vegen med ferskt førarkort. Vi foreslår ei gradvis utviding av førarretten der 17,5-åringane kan køyre åleine, med visse restriksjonar, seier direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk.

I tillegg ønskjer dei restriksjonar på tidsrommet 17,5-åringane skal få køyre. Dei meiner det må vere forbode å køyre mellom klokka 23 om kvelden og klokka 06 om morgonen. Det skal heller ikkje vere lov å ha med passasjerar under 25 år i bilen.

– Ikkje modne nok

Køyrelærar Mads Ryste på Moe og Ryste trafikkskule trur ikkje ei slik løysing vil vere teneleg.

– Ein del hadde kanskje takla det fint, men så er det ein del som ikkje er modne til å køyre åleine. At dei skal køyre utan rettleiar i trafikken eit halvt år før dei får førarkortet, høyrest litt vilt ut, seier Ryste. Han legg til at mange 18-åringar heller ikkje er klare for trafikken sine utfordringar.

– Dei treng nokre år etter dei har fått førarkort. Då er det litt tvilsamt at ein skal kunne køyre frå ein er 17,5 år.

Kontroll?

At det er krav om minst hundre timar øvingskøyring først, vil truleg gi ei kraftig avgrensing i kor mange som vil få mulegheita til å køyre åleine som 17,5-åringar.

– At ein skal dokumentere hundre timar lærekøyring før ein er 17,5 år trur eg ærleg talt ikkje mange greier å få til, seier Ryste.

– Og kven skal kontrollere at dei til dømes køyrer til dei avtalte tidene, og at dei ikkje har med yngre folk enn 25 år i bilen? Politiet har jo ikkje ressursar til dette. Ein må også ha ein måte å kontrollere at dei har køyrt dei hundre timane. Nei, dette høyrest ut som eit rart forslag, konkluderer Ryste.

– Bør køyre saman med rettleiarar

Lensmann Guttorm Hagen er heller ikkje overbevist om at forslaget frå Trygg Trafikk er så godt.

– I utgangspunktet er eg skeptisk til dette. Men det vert nok ei grundig høyring før noko slikt vert gjennomført. Eg tenkjer det er greitt for kandidatane å køyre saman med foreldre eller eldre slektningar, så det vert god kontakt mellom rettleiarane og kandidatane.

– Korleis skal politiet kontrollere at reglane vert følgt?

– Det fører med problemstillingar med tanke på å følgje med om det reelle grunnlaget for å prøve seg i trafikken er til stades. Det skal noko til å dokumentere at dei har køyrt lenge nok på førehand, seier Hagen.

– Debatten går samstundes om 18-åringar er modne nok til å køyre bil. Det vil vere uheldig å starte tidlegare. Sjølv meiner eg nokre bør vente lenger enn til dei er 18 år før dei får køyre. Det er ikkje alle som er modne nok når dei er 18, medan andre kanskje er klare før, seier Hagen.

– Snakk trafikktryggleik

Han legg til at det no går mot “høgsesong” for bilkøyring og tilhøyrande ulykker på vegane. Lensmannen oppmodar difor foreldre om å ta seg ein alvorsprat om fart og beltebruk.

– Det er viktig at alle som har born i alderen 18 til 24 år no tek seg ei runde heime og snakkar om trafikktryggleik, oppmodar han.

Køyreskulelærar Mads Ryste tvilar på at mange vil greie 100 timar øvingskøyring før dei fyller 18 år.