Kven har vel ikkje snike fram eitt  ukvemsord eller to ved synet av ein meter nysnø i oppkøyrselen klokka halv åtte om morgonen?

Skal ein tru dei nyaste salstala til Eik-senteret, er det mykje som tyder på at ein stor del av ørstingane kjenner seg att i dette «skrekkscenariet».

Seljar Finn Madsen kan nemleg fortelje at senteret, som er lokalisert i Anders Hovden gata, har selt heile 60 snøfresarar i perioden 22. august til 16. september.

Madsen vedgår sjølv at det er eit høgt tal på under ein månad på seinsommaren, men han er ikkje overraska.

– Stor etterspurnad

– Det er såpass stor etterspurnad at dersom ein prøver å kjøpe etter snøen har kome, er det ikkje sikkert vi har fleire att, seier han.

Berre i desember i fjor selde Eik-senteret mellom 60 og 70 fresarar. Mange var nøydde til å gå slukøyra heim grunna tomt lager.

Madsen opplyser at sesongens fyrste kjøparar er dei som har lært frå fjoråret.

– Vi hadde 44 kundar som ikkje fekk fresar i fjor, og desse stod på venteliste over sommaren. Dei fleste ventar hos oss fordi dei ynskjer «Toro»-fresaren vår, noko som vert omtala som det «argaste» merket, seier Madsen.

Senteret i Ørsta er faktisk den butikken som sel flest fresarar i heile den landsdekkjande Eik-kjeda.

Seljaren er ikkje i tvil om grunnen til det.

– Ørsta er ei snøhole

– Kvifor er de så populære?

– Det er nok fordi vi bur i ei snøhole utan like. Dersom  det kjem snø på ein plass på Sunnmøre, kan du vedde på at det er snøver i Ørsta også. Då vert etterspurnaden naturleg nok større, seier han.

– Er den gode gamle manuelle snømåkinga avleggs?

– Det trur eg ikkje, men dei siste to åra har vi hatt ekstremt kalde vintrar med mykje snø. Brøytekantane veks, og mange har problem med å få vekk alt. Då er det greitt med ein fresar.

Rekord?

– Ventar de rekordsal denne vinteren?

– Slik det ser ut no, kan det hende. Salet er likevel bestemt utifrå førehandstingingar, og vi reknar med å selje oppunder 200 fresarar, slik som i fjor.

Den amerikanske produsenten av snøfresarar måtte i 2010  uventa starte opp att produksjonen for å stette etterspurnaden.

Madsen har ikkje noko meining om det vert røynda også i år, men han har i alle fall ei melding til dei som lurer på å nytte maskinell hjelp i oppkøyrselen til vinteren.

– Her er det ingen vits i å vente med å skaffe seg snøfresar, for på eit visst tidspunkt vert det tomt uansett.