Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt melder at ein personbil har køyrt inn i ein lyktestolpe ved Hjartåberget i Volda. Fire personar var involvert i ulykka, men dei er tilsynelatande uskadd ifølgje politiet. Alle er frakta til legevakt for sjekk.