Eit samrøystes formannskap har gjeve rådmannen i oppdrag å førebu ei sak om etablering av eit asylmottak i kommunen. Det er som kjent eit sterkt press på kommunane no i høve eit akutt behov for mottaksplassar. Situasjonen endrar seg frå veke til veke. Flyktningansvarleg i kommunen, Bård Flekke summerte opp situasjonen slik i formannskapet:

Kaos

– Vi veit ingen ting om kva som kan kome, og alt er kaos. Staten kjem til å kome med ei ny oppmoding om mottak i slutten av månaden.

Paul Kristian Hovden (KrF) kom med framlegget om å vurdere asylmottak i Ørsta. Hovden ser føre seg at det kan byggjast klyngjetun for asylsøkjarane, og vat det i tillegg vert oppretta akuttplassar.

– Mottaket i Volda er no utvida, noko som også har gjeve mange nye arbeidsplassar. Også Ørsta bør bidra til mottak av asylsøkjarar med vilkår av at det følgjer med friske pengar til dette, sa Hovden.

Vartdal

Ann-Karin Sætre (H) ivra for busetjing av asylsøkjarar på Vartdalstranda og Sæbø. Ho peika på at det er plassmangel på skulane i sentrum.

– Kommunen må kunne nytte seg av alle skulebygg, sa Sætre som også minte om at det er ledige bustadhus på bygdene.

– Det er også lettare å integrere barnefamiliar på bygdene enn i sentrum, sa Høgre-representanten.

Gunnar Knutsen (V) var oppteken av ei best mogleg integrering av nye landsmenn og meinte det kunne vere ein god ide å etablere ei brei samansett dugnadsgruppe som sikra god busetjing og integrering.

Ordførar Stein Aam (Sp) synest det er på sin plass å vurdere eit mottak.

– Vi må vere relativt rause slik verdssituasjonen er, sa Aam.

Rådmann Wenche Solheim gjorde det klart at kommunen ønskjer barnefamiliar til Vartdal, men at kommunen ikkje har fått førspunad om å ta imot familiar.

– Vi får derimot tilbod om einslege unge menn, men det er ikkje like lett å integrere dei som barnefamiliar, sa rådmannen.

Formannskapet rår kommunestyret til å halde oppe tidlegare vedtak om å busetje 25 flyktningar, derav fire einslege mindreårige i 2015 og 27 flyktningar, derav fire einslege mindreårige flyktningar i 2016.