Det sa administrerande direktør Stig Brautaset då han måndag delte ut Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin ærespris for 2016 til Bente Iren Åmbakk og Saksa turstiforeining. Sidan Saksaråsa vart opna har over 10.000 personar vore toppen av Saksa, og enno fleire har vore innom Bentebu nokre høgdemeter lenger nede. Banken sin ærespris skal gå til personar, lag eller organisasjon eller tiltak som i løpet av siste år eller over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjønning for kulturelt eller humanitært arbeid. I grunngjevinga for prisen påpeikar banken at engasjementet var stort då planane for Saksaråsa vart lagde og Saksa turstiforeining grunnlagt.

– Ein person har stått fram som ein gigant og eit fyrtårn blant alpetoppane. Det er initiativtakar, inspirator og prosjektleiar Bente Iren Åmbakk. Sjuk som ho var, gjorde ho ein enorm innsats for prosjektet og for si kjære heimbygd Urke. Det ho har lagt ned av arbeid trengst det krefter og tolmod til. No når vi ser resultatet av sjølve konseptet Saksaråsa og det den har ført med seg, så gir vi oss ende over. Bente gjekk frå oss i sommar, så alt for tidleg. Vi er glade for at ho fekk sjå og oppleve resultatet av hennar initiativ. Minna om henne og det ho gjorde vil leve vidare, sa Brautaset.

Arbeidet som er lagt ned Saksa turstiforeining fekk mange lovord.

– Råsa er utarbeidd med ekspertise frå Himalaya. Gapahuken Bentebu, og utedo langs råsa er bygd. Det er lagt ned eit stort dugnadsarbeid, der mest heile bygda har bidrege og interessa for å støtte opp om prosjektet på andre måtar er stor. Saksaråsa er blitt eit symbol for andre og dette har også ført til at ruta langs Urke-egga vart ein realitet. Slike tiltak er ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Vi blir stolte av regionen vår. Dette er vidare eit stort bidrag til trivsel og folkehelsa i kommunen, og ein stor samfunnsnyttig innsats.

Egil Åmbakk tok imot prisen på vegar av Bente Iren Åmbakk og leiar Jens-Arve Forbord tok imot prisen på vegner av Saksa turstiforeining. Kreativitet og lysta til å få til enno meir på Urke har ikkje lagt seg.

– Det blir ikkje noko problem å bruke pengane, og vi har planar, sa Forbord.

Ein gapahuk i stein på Urkeegga er i startgropa. I løpet av neste år vil truleg den første utgåva av Saksaløpet verte arrangert, og det er planar om å fullbyrde trappene opp til Bentebu. I tillegg er det innleia samtaler med DNT om naturbasert ungdomshelg i Leknesdalen, og det er tankar om å restaurere og setje i stand eit gammalt sel i den same dalen.

– Ser vi nokre år tilbake var det fråflytting frå dei fleste fjordbygdene. No ser at butikken går med overskot, mange er innom campingplassen og kaihuset, og tilbakemeldingane er berre positive. Vi har von om at dette berre er starten på noko større, sa Forbord.

Ideen om Saksaråsa kom då Egil og Bente var på tur på Saksa for fire år sidan.

– Bente sa at her må vi gjere noko, og eitt år seinare var det endra til her skal vi byggje. Eg sa at ho måtte få med seg dei rette personane. Det vart danna eit styre. Ein god gjeng har vore med å bidrege, og vi har hatt det utruleg kjekt. Gnisten for oss er at bygda byrjar å leve. No har det blitt slik at det er dei som har vore på Saksa, og dei som skal på Saksa.

Æresprisen består av eit pengebeløp på 25.000 kroner og eit fat lag av kunstnaren Ingeborg Rørvik Lejon.