Tertialrapporten syner at Ørsta kommune kan kome ut 2,4 millionar kroner betre enn budsjettert. Då er det budsjettert med eit pluss der mesteparten av tidlegare års overforbruk vert dekt opp.

Tertialrapporten syner at dei kommunale avdelingane samla ved utgangen av august hadde eit mindreforbruk på 7,5 millionar kroner.

Sjølv om tala ser gode ut, åtvara økonomileiar Andrea Fivelstad mot ein del usikre moment. Skatteinntektene som vert overført frå staten ser ut til å få ein svikt, og det er alltid knytt uvisse til pensjonspremiane til KLP.

Ei sektoroversikt syner at skule og barnehage så langt i år har drive for mindre enn budsjettert, medan heimetenesta og helse og velferd har drive for meir enn budsjettet.

– Vi skal ikkje slappe av. Viss nokre av dei avdelingane som no vert drive for mindre enn budsjettert, får ein liten smell, og viss vi ikkje greier å dempe overforbruket hos dei som har det, kan vi gå på ein smell, sa ordførar Rune Hovde i formannskapet tysdag.