- Dei siste prognosane og observasjonar viser at vinden ikkje kjem over sterk kuling i Møre og Romsdal, og ekstremvêret vert kansellert for dette fylket, melder Meteorologisk institutt.

Ikkje alle er like heldige.

- Det kan sjå ut som om Hordaland vil verte sterkast råka. Dette kan verte den sterkaste vinden i Hordaland sidan 23. januar 1994, spår meteorologane, og seier at det i ettermiddag er venta vestleg sterk storm og til dels orkan 33 m/s på utsette stader. det er venta vindkast på 35-45 m/s.

Bølgehøgda kan nå 12-14 meter.

Det verste uvêret vil treffe rundt klokka 15.00 laurdag.

Også fylka Vest-Agder, Aust-Agder og Telemart får ekstremvarsel. Det vert full storm i fjellet, og vindkast på 30 m/2.

For Sogn og Fjordane er det venta at den ekstreme vinden vil passere sør for Fjordane. Det er framleis venta sterk vind i dei ytre delane, men det er berre i dei sørlege delane at det framleis er moglegheiter for ekstrem vind utpå ettermiddagen.

I Sogn og ytre del av Sunnfjord vert det vest til nordvest full storm, og kanskje sterk storm med vindkast på 35-45 m/s.