12-konsertane i Volda kyrkje er ein arena for lokale musikarar, og eit populært tiltak. Men aldri har så mange møtt opp som i dag.  Det var ikkje berre fordi det var gratis. For det var store namn på plakaten.

– Dette trur eg er rekord, sa Arild Andanes, då han introduserte dagens musikarar, felespelarane Susanne Lundeng og Jorun Marie Kvernberg.

Kvernberg er den lokale av dei, sidan ho bur i Volda. Lundeng har aldri før vore i Volda, men ho vart overtalt av Kvernberg til å stille opp til gratiskonsert, i samband med at ho er her for å spele på Dei nynorske festspela.

– Det er ei stor glede å spele saman med sjølvaste Susanne Lundeng. Ho er mitt idol, sa Jorun Kvernberg.

Lundeng på si side var synleg overraska over at kyrkja var fullsett.

– Heilt fantastisk. Det var ikkje dette eg hadde venta meg, sa ho.

Begge er folkemusikarar som ikkje har noko imot å gå utanom dei tradisjonelle rammene. Konserten baud på begge deler, både tradisjonelle slåttar og songar og meir eksperimentelle saker. Dei to viste sprudlande speleglede, og veksla mellom det vare og det eksplosive.

–No vert det eit rabiat rar avslutning. De får ta det som kjem, sa Susanne Lundeng.

Deretter kom ein fantastisk versjon av ein halling frå Lødingen, som prikken over i-en.

Så spørst det om ein ny superduo er fødd.

– Freistar dette til gjentaking?

– Vi har ikkje tenkt så langt. Vi måtte prøve dette først, er svaret.