Korleis er kvardagen din?

No når det er så mørkt ute så startar den gjerne ein time tidlegare med slumring på telefonen. Klokka 08.00 startar arbeidsdagen og då er det dags med kontorarbeid og samhandling med kundar. Arbeidsdagen kan vere veldig varierande og det sett eg pris på. Etter endt arbeidsdag blir det gjerne å slappe av på sofaen eller vere saman med venner. Ut ifrå nyttårsforsettet mitt så skal trening bli ein del av kvardagen, men det har det vore dei siste åra, så spørst om 2018 blir året?

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Det er kjekt å sjå at det går betre med næringslivet og nedgang i arbeidsløysa i Møre og Romsdal.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Sjølv om eg no bur i Ørsta så er det Vartdal som heimstaden min. Eg starta mine første seks år som ålesundar, men det å flytte til Vartdal trur eg har gitt meg ein sunn og god barndom. Det er godt samhald i bygda i tillegg til at ein er omringa av vakker natur. Men det må seiast at det er menneska som gjer Vartdal til den plassen det er.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Sushirestaurant, utan tvil! Så hadde det vore fint med eit meir levande sentrum. Ein plass kor du kan møtast og vere sosial med eit fint uteområde. Synest Stryn har fått det til. Så kunne ønske vi tok litt etter.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Ville ha tilrettelagt tomtelegging på Vartdal der folk vil bu.

Kven fortener ein blomebukett?

Det er det fleire som gjer, men skal eg nemne ein person så må det bli mamma.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Ørsta Kommune satsar stort på Vartdal! Eller kanskje: Bygginga av Fefast startar i løpet av året.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Somrane med bading på Bjarnebuda og vinteren i skitrekket på Vartdal. Der samlast vi alle når vi var barn.

Kva får deg til å le?

Det kan variere veldig. Men eg elskar når eg møter folk som er slåande i kommentaren.

Kva er ditt favorittmåltid?

Det må bli sushi, men fisk frå Ramoen er alltid ein slager.