– Kanskje burde ordføraren vere modig nok til å ta opp i kommunestyret kor vidt vi bør gå vidare med kommunereforma i det heile? spurde Paul Kristian Hovden (KrF) då Ørsta formannskap diskuterte kommunereforma tysdag.

Saka som var oppe til handsaming, handla berre om oppnemning av ei nemnd som skal vere med på reformsamtalane med Volda. Likevel utvikla det seg til ein debatt om lagnaden til kommunereforma.

– Om det heile endar med at det ikkje blir samanslåing, sit vi berre att med store sår, hevda KrF-politikaren.

Ordførar Stein Aam (Sp), som sjølv er ein utprega skeptikar til samanslåing, ville ikkje vere med på forslaget.

– Det vart gjort eit vedtak om å gå i samtalar med Volda i kommunestyret i juni, og det vedtaket er eg innstilt på å følgje. Når det er sagt, så får vi veldig mange invitasjonar til arrangement i samband med kommunereforma, og eg er skeptisk til å bruke for mykje av tida mi på det, sa Aam.

Lita støtte

Hovden fekk heller ikkje mykje støtte i resten av forsamlinga.

– Det vil vere svært uheldig om vi går tilbake på vedtaket det førre kommunestyret gjorde. Det sender uheldige signal, sa Per Are Sørheim (H).

– Innbyggjarane ventar på å få vere med å gi sitt signal om kva dei ønskjer. Då bør vi gi dei eit godt grunnlag, sa Karen Høydal (Ap), og vart støtta av Gunnar Knutsen (V).

– Vi har sett kva folket meiner gjennom to meiningsmålingar, og det er ikkje noko folkekrav om samanslåing, kontra Hovden.

Høydal var også kritisk til kor mykje tid som blir brukt på kommunereforma, men møtte motstand hos rådmann Wenche Solheim.

– Det går ein del tid, men vi må sjå dette som ein utviklingsprosess. Ørsta og Volda er allereie eitt samfunn, ein bu- og arbeidsmarknad. Om det blir ein eller to kommunar i framtida, står att å sjå. Det viktigaste er at vi skal utvikle Ørsta-samfunnet, og det gjer vi med denne prosessen. Om det ikkje blir samanslåing, må vi kanskje utvide samarbeidet med Volda, sa ho.

Søre Sunnmøre

Hans Olav Myklebust (Frp) kritiserte det store fokuset på Volda som forhandlingspartnar.

– Vi snevrar det for mykje inn. I vedtaket frå juni vart det gjort klart at ikkje berre Volda er aktuelt. Vi må ta med oss samanslåing som eit alternativ, sa Myklebust, og viste til samarbeidet og utviklinga i regionen etter at Eiksundsambandet kom på plass.

– I vedtaket i juni vart det gjort klart at vi skulle spisse dette inn og lage ein felles intensjonsplan med Volda. Lat oss primært halde oss til det, kontra Per Are Sørheim.

Etter debatten utnemnde formannskapet ei forhandlingsnemnd beståande av ordførar, varaordførar, rådmann og Per Are Sørheim frå opposisjonen.