Mannen i 30-åra, busett i Hordaland, er sett under tiltale ved Sunnmøre tingrett. Hendingane som er omtalt i tiltalen skjedde i 2013 og 2014, og på dette tidspunktet var mannen busett i Volda kommune.

Via Skype og telefon skal mannen fleire gonger ha truga ei jente på under 16 år til å utføre seksuelle handlingar på seg sjølv. Ifølgje tiltalen truga mannen jenta med at han ville drepe ho og/eller legge ut bilete han allereie hadde av ho på internett.

Det kjem fram av tiltalen at mannen gav seg ut for å vere «Tobias» på 17/18 år på internett. Mannen skal ha chatta med fleire unge jenter og den digitale praten har hatt seksuelt innhald.

«Enda mere stolt blir jeg når du viser deg naken på cam», skal mannen ha skrive til ei jentene ifølgje tiltalen.

I tiltalen er det totalt omtalt ti jenter under seksten år som mannen skal chatta med om seksuelt innhald. Dei yngste jentene var tretten år ifølge tiltalen. All chattinga med seksuelt innhald skal ha skjedd medan mannen budde i Volda kommune.

Mannen er og tiltalt for i ord eller handling å ha utvist seksuelt krenkande åtferd overfor barn under seksten år. Til alle dei ti jentene mannen hadde kontakt med skal han ha sendt bilete av eige kjønnsorgan.

Mannen er og tiltalt for å skildre i detalj grove seksuelle overgrep mot barn mot fleire av dei fornærma i saka. Mannen skal og ha hatt i eige fleire bilete og filmar som framstilte barn seksuelt. Dette var bilete og filmar av dei fornærma i saka. I tillegg er han tiltalt for å ha vore i eige av tretten bilete og tre filmar som framstilte seksuelle overgrep mot barn eller framstilte barn seksuelt.

På fleire ulike nettstadar, og på Skype og telefon, brukte mannen ulike bilete av ein annan mann. Ifølgje tiltalen var hensikta å få jenter til å sende an m.a. seksualiserte bilete og filmar.

I januar 2014 skal mannen ha befølt ei ung jente. Denne hendinga skjedde ikkje i Volda kommune ifølgje tiltalen.

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett og handsaminga starta 22. januar 2018. Det er sett av seksten dagar til saka i tingretten.