– Her blir det løpebane og du ser bort i turngropa. Dette her blir veldig bra.

Det seier prosjektleiar Frank Flusund medan han ser utover det som steg for steg nærmar seg ein ferdig fleirbrukshall. Aktiviteten i og rundt den nye Ørstahallen er stor. Taket er ferdig og inne i sjølve hallen er arbeidet med å støype golv kome langt på veg. Det vert og jobba hardt med å få inn dei siste veggplatene og framdrifta i arbeidet er god.

– Totalt sett så held vi den planlagde framdrifta i arbeidet og budsjettet. Det har gått veldig bra, seier Flusund.

I fellesferien vil det bli lågare aktivitet på byggeområdet, men det blir framdrift gjennom sommaren.

– Før ferien skal vegger og tak heilt på plass. Det er nokre vindaugsfelt som ikkje vert ferdig. Difor vert ikkje bygget heilt tett før etter ferien, men det blir tilnærma tett. I tida framover blir det mange nye angrepspunkt på mellom anna tømring, ytterveggar, innerveggar, golv, garderobar. No startar straks arbeidet med flislegging av garderobane.

Klatrevegg: Veggen bak Gunnar Knutsen og Frank Flusund er sytten meter høg. Klatreveggen vert femten meter høg og vil gå seks meter ut frå veggen. Foto: Joachim Åsebø

I vinter gav kulden og telen nokre utfordringar i arbeidet, men den tapte tida er teken inn att.

– Eg trur ikkje vi utfordringar med vêret i siste del av byggeperioden. Det var litt tele i vinter, men det var lite snø og sånn sett var vi heldige.

Det er mykje aktivitet som skal samlast i den nye Ørstahallen. Eit av dei nye aktivitetstilboda som kjem er ein femten meter høg klatrevegg.

– Her blir og lagt til rett for buldring. Veggen går seks meter utover. Med skiljeveggar kan område avgrensast. Teleskoptribunene kan flyttast og her kan haldast konkurransar.

Ørsta Idrettspark gler seg til at Ørstahallen står ferdig og jobbar aktivt for at idretten skal vere klar til dørene opnast.

– Det blir spesielt spennande å sjå kva vi klarer å få fram av ny aktivitet, og korleis den eksisterande aktiviteten vil utvikle seg med nye fasilitetar. Dette er noko som vi verkeleg gler oss til å ta i bruk, seier Gunnar Knutsen i Ørsta Idrettspark.

Den nye Ørstahallen vert på 8.500 kvadratmeter og har ein prislapp på 190 millionar kroner.

– Bygget skal ta ferdig til jul og skal overleverast før vi går inn i 2019, men det blir ikkje opning før etter nyttår.

Klasserom: Bak hovudtribunen vert det to klasserom, møterom, styrkerom og eit fleirfunksjonelt treningsrom for ulike aktivitetar.