– Vi kan ikkje arrangere Hjørundfjorddagar på ein byggeplass. Vi kan ikkje seie no korleis området vil sjå ut i sommar. Arbeidet med den nye kunstgrasbana går føre seg på den gamle grusbana, så der er ikkje parkeringsplassar, fortel leiar i idrettslaget, Aanon Aanonsen.

Det er idrettslaget som står for arrangeringa av dagane.

– Det er mange som har etterlyst dagane allereie, og utstillarar som har teke kontakt fordi dei vil kome, men i år vert det altså dessverre ein pause. Men vi lovar å kome veldig sterkt tilbake neste år, seier han.

I staden for inviterer idrettslaget til markering av opning av den nye kunstgrasbana 25. juni.

– Programmet her er ikkje heilt klart enno, men det vert jobba med, så litt liv vil vi skape. På kvelden spelar Crashville opp til dans, så vi håper at mange vil samle seg opp om dette arrangementet i staden for. Hjørundfjorddagane er ein populær tradisjon på Sæbø som har samla fleire tusen menneske kvart år, dei siste 30 åra.