– Det er særskilt stor fare for tyngre køyretøy som mjølkebil og transport til og frå gardane langs vegen, opplyser administrasjonen til formannskapet, som hadde saka til handsaming 29. november.

Formannskapet vedtok å løyve 750.000 kroner til sikringsarbeidet. Saka skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret 15. desember.

Dalsbygdvegen er einaste tilkomst til midtre og øvre del av Dalsbygda, og årleg går det om lag 500 tonn mjølk og mykje slaktedyr ut av Dalsbygda. Andre vegen går det om lag 300 tonn kraftfor og 60 tonn kunstgjødsel.

Volda kommune vil gjere umiddelbare tiltak for å unngå ulykker.

– Dette er eit tiltak der vi ikkje kan vurdere kor vidt tiltaket skal verte prioritert eller ikkje. Vegen må vere i trygg og forsvarleg stand for allmenn trafikk, skriv rådmannen.