Det er klart etter eit møte i Ørsta sist torsdag. På møtet var representantar både frå kommunen, fylkeskommunen og grendelaga.

– Vi skal skape eit meir skreddarsydd opplegg, der vi ser ferja og skyssbåten i samanheng. Det er ikkje snakk om å kutte tilbod, men sjå om vi kan vere meir fleksible enn det vi er i dag, seier leiar Kristin Sørheim (Sp) i samferdselsutvalet i fylkeskommunen.

I dag betalar fylkeskommunen og kommunen ein minimumssum for å halde skyssbåttilbodet oppe, samstundes som fylkeskommunen driftar ferja.

– Målet er at vi saman skal spikre eit meit fast opplegg. Det må vere klart til 2018, då Hjørundfjordferja skal ut på eit nytt tilbod som skal gjelde frå 2020, seier Sørheim.

Dei siste åra har det mest årleg kome kuttforslag i både Ørsta kommune og i fylkeskommunen på båt- og ferjetilbodet i Hjørundfjord. For så å verte berga i siste liten.

– No er målet, også i samarbeid med grendelaga, å få ein avtale som er langsiktig, seier ordførar Stein Aam.