Enklare reiseveg og dyktige spesialistar gjer at fleire vel behandling i Ørsta, opplever tannlegane.

– Tryggleik for pasientane og føresette er viktig for oss. Ved Kjeveortopeden er pasientane sterkt involvert i alle steg av behandlinga, og er informerte om kva som skal skje når dei sit i tannlegestolen, seier Marit Gjethammer og Ingri Beddari, eigarar ved spesialistpraksisen i Ørsta.

Eigarane av Kjeveortopeden er begge spesialistar i kjeveortopedi, med utdanning frå Bergen. Sidan 2016 har dei drive klinikken i lag. Gjethammer har tannlegeutdanning frå Universitetet i Bergen frå 2000–2005 og treårig spesialistutdanning same stad frå 2007 – 2010. Ho var allmenntannlege i Stavanger i tida 2005–2006 og i Voss i tida 2006–2007. Ho har også vore instruktørtannlege ved avdeling for pedodonti (barnetannpleie) ved Det odontologiske fakultet, og instruktørtannlege ved avdeling for kjeveortopedi.

Marit har jobba på klinikken sidan januar 2011.

Ingri Beddari har tannlegeutdanning frå Universitetet i Bergen frå 2001–2006 og 3-årig spesialistutdanning same stad frå 2010–2013. Ho var allmenntannlege ved Eid tannklinikk frå 2006–2010 og instruktørtannlege ved avdeling for kjeveortopedi ved Universitetet i Bergen frå 2011–2013. Ingri har jobba på klinikken sidan august 2013.

Varige resultat

Hovudvekta av pasientane er barn og unge med behov for tannregulering, men Gjethammer og Beddari opplever at fleire og fleire vaksne ønskjer kjeveortopedisk behandling av ulike årsaker.

– I tillegg til ordinær behandling med vanlege klossar, tilbyr vi til dømes kvite klossar som vert limt på framsida av tennene og usynleg tannregulering på baksida av tennene, fortel Beddari.

Samspelet mellom tenner, kjeve og andlet står høgt i fokus for å oppnå best mogleg resultat. Kjeveortopedane er opptekne av kva som kler andletet til kvar individuelle pasient.

– Vi gjennomfører ein grundig analyse og planlegg tannreguleringa i forhold til pasienten sitt andlet. Vi tek røntgen og bilete undervegs, alt for å skreddarsy og effektivisere behandlinga best mogleg, seier Gjethammer.

Begge legg vekt på at det er ein stor fordel å vere fleire spesialistar ved klinikken.

– Eg og Marit utfyller kvarandre. Vi diskuterer pasientane våre for å kvalitetssikre arbeidet og gi dei den beste behandlinga. Vi har også eit solid team ved klinikken med mange års erfaring, seier Beddari.

Inga venteliste

– Det tek tid å etablere og kommunisere at vi er her, men vi merker at fleire får auga opp for oss, seier Gjethammer.

Pasientane kjem frå eit stort geografisk område, på tvers av helseføretak og geografiske grenser. Klinikken har ingen venteliste, og gjev raskt tilbod til konsultasjon.

– Det kjem pasientar frå Hellesylt i sør til Stadlandet i aust, og vi ser det kjem fleire frå Søre. Eiksundsambandet har gjort reisevegen kortare, og du kjem deg til Ørsta på under ein time med bil frå ytst i havgapet, seier Gjethammer.

Dei legg til at unge pasientar ikkje treng miste heile skuledagen for ein tannreguleringstime i Ørsta.

– Vi har som mål at Kjeveortopeden skal verte førstevalet i regionen, seier Ingri Beddari og Marit Gjethammer.

Usynleg tannregulering: Kjeveortopeden i Ørsta tilbyr fleire estetiske metodar innan tannregulering. Foto: Roy-Arne Folkestad