Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå syner at det var ein vekst i folketalet på tjue personar i Ørsta dei tre fyrste månadene i år. Folketalet i Ørsta var per 31. mars 10.476 personar. I Volda var folketilveksten på null, og folketalet per 31. mars var på 8.827 personar.

Statistikken frå SSB syner at det i Ørsta var eit fødselsoverskot i fyrste kvartal. 28 nye borgarar kom til verda, medan 22 personar døydde. Det gjev eit fødselsoverskot på seks personar. Vidare flytta det 79 personar til kommunen, medan 65 personar kom til. Det gjev ei nettoflytting på 14 personar, og altså ein tilvekst på til saman tjue personar.

Frå utlandet

Det er nettoinnflyttinga frå utlandet som gjev flytteoverskotet. Av dei som flytta til Ørsta var 22 personar frå utlandet, medan seks personar flytta ut. Det vil seie at når det gjeld innanlands flytting, er det fleire som flyttar frå Ørsta en til Ørsta.

Tala for Volda syner at 24 personar vart fødde i kommunen, medan 19 døydde. Det gjev eit fødselsoverskot på fem personar. Nettoflyttinga var på minus fem. Det var 98 som flytta til Volda, medan 103 flytta ut. Nettoflyttinga frå utlandet var positiv for Volda. Det var 36 som kom til Volda frå utlandet, medan ni flytta frå Volda og til utlandet. Det vil seie at det i første kvartal var ganske mange fleire som flytta innanlands frå Volda en som flytta til Volda frå elles i Noreg.

Ulstein auka mest

Det var berre Ulstein kommune som hadde større vekst enn Ørsta i fyrste kvartal av kommunane på Søre Sunnmøre. Det var folketilveksten på 47 personar, og kommunen hadde per 31. mars 7.974 innbyggjarar. Sande hadde ein nedgang i folketalet på fem personar, og har no 2.623 innbyggjarar. Herøy kommune hadde ein vekst på 12 personar, og hadde per 31. mars eit folketal på 8.859, medan Hareid hadde ein vekst på ti personar, og hadde ved utgangen av mars eit folketal på 5.067 personar. I Vanylven var det ein nedgang i folketalet på 18 personar, og kommunen hadde per 31. mars eit folketal på 3.318.

Ned i Stryn

I september i fjor opna Kvivsvegen, og han har ikkje hatt nokon umiddelbar effekt for kommunane Stryn og Hornindal når det gjeld folketal. Hornindal hadde per 31. mars eit folketal på 1.239, og det er ein vekst på ein person i løpet av fyrste kvartal, medan Stryn hadde eit folketal på 7.100, og det er ein nedgang på fem personar i løpet av fyrste kvartal.